Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og marknadsrettChevronRight
  4. Digital marknadsføringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Digital marknadsføring

Digital marknadsføring kjem i stadig nye former. Teknisk utstyr og programvare gjer det mogleg med avanserte former for oppfølging av kundar. Men digitale verktøy gjer salsarbeidet mindre personleg, og dei er sårbare for teknisk svikt.

iPhone og Facebook

Kva er digital marknadsføring?

Digital marknadsføring er marknadsføring som blir distribuert via Internett og andre elektroniske kanalar. Det blir også kalla e-marknadsføring.

Digital marknadsføring kan både vere upersonleg massekommunikasjon og personleg individuell kommunikasjon. Mange nettstader baserer seg på inntekter frå små bannerannonsar som er klikkbare og leier til nettstaden til annonsøren. Via e-post kan vi sende reklame direkte til utvalde målgrupper.

Det blir stadig teke i bruk nye digitale verkemiddel og kanalar med sikte på personleg kontakt, relasjonsbygging og individuelt tilpassa marknadsføring.

Digitale medium og aktivitetar

Blant dei mest aktuelle digitale verktøya til bruk i sal og marknadsføring, nemner vi:

  • kundedatabasar: programvare for å samle opplysningar om kundeemne og etablerte kundar
  • internett: eit verdsfemnande datanettverk som blir brukt til fleire ulike tenester
  • datamaskiner: til dømes nettbrett, laptop og smarttelefon
  • telekommunikasjon: til dømes fasttelefon, mobil og smarttelefon

Brukt på riktig måte kan digitale verktøy vere til stor hjelp i salsarbeidet.

Digital marknadsføring gir mange høve til utforming av bodskap og val av kanal. Som døme nemner vi:

  • blogging
  • sosiale medium
  • annonsering
  • bruk av søkjemotorar
  • e-post
  • databasemarknadsføring (CRM)
  • netthandel

Dei fleste former for tradisjonell marknadsføring kan formast om til eit digitalt format. I tillegg gir enkelte elektroniske kanalar høve til å bruke levande bilete, og til kommunikasjon mellom seljar og kjøpar.

Pakkereiselova.

Norsk lov gjeld

Norsk lov gjeld for alle medium, trykte så vel som elektroniske. Dei same reglane gjeld dersom vi reklamerer for produkt via sosiale medium og andre elektroniske kanalar. I tillegg har vi ei eiga lov for elektronisk handel.

Dei viktigaste lovene som vedkjem forbrukarane, er:

  • marknadsføringslova
  • forbrukarkjøpslova
  • ehandelslova
  • angrefristlova
  • personopplysningslova
  • pakkereiselova

Dersom vi bruker illustrasjonar eller tekst som andre har laga, gjeld åndsverklova. Her finn du alle aktuelle norske lover:

Lovdata.no – innhaldsoversikt

For å drive lovleg marknadsføring må vi forstå verkeområda til lovene og kva lovene betyr i praksis.

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter