Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og marknadsrettChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Sals- og marknadsrett

Norsk lov gjeld alle medium, trykte så vel som elektroniske. Dei same reglane gjeld dersom vi reklamerer for produkt via sosiale medium og andre elektroniske kanalar. I tillegg har vi eigen lov for elektronisk handel.

Bilde av en datatastaturknapp med et paragraftegn. Foto.

Ei rekkje lovar har reglar om kva vi kan tillate oss i marknadsføringa, og kva som er ulovleg marknadsføring. Til dømes skal blogginnlegg med reklame merkast tydeleg, slik at lesarane oppfattar at det er snakk om reklame. Marknadsføringsloven set også grenser for kven vi kan sende e-post til, og gir kundane reservasjonsrett mot telefonsal. Det er også ulovleg å rette reklame mot barn.

For netthandel er angrerettloven viktig, men dei fleste reiselivsprodukt er unnateke angrerett. Pakkereiser har ein eigen lov, som kjem til bruk ved kjøp av samansette reiselivstenester.

Reiselivsaktørar oppbevarer opplysningar om kundane sine i kundedatabasar, og her må dei følgje reglane i personopplysningsloven. I tillegg til at reiselivsbransjen skal følgje lovar og reglar, bør dei òg ha fokus på kva som er god etikk. Det er ikkje sikkert at alt som er lovleg, også er etisk haldbart.

Læringsressursar

Sals- og marknadsrett