Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og presentasjonsteknikkChevronRight
  4. Internett som salskanal ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Internett som salskanal

Reiselivsnæringa var tidleg ute med bruk av internett som kanal for informasjon, sal og marknadsføring. I dag blir dei fleste reiselivsprodukt selde på nettet. Bruk av sosiale kanalar har blitt vanleg.

En mann ser på en dataskjerm. Foto.

Ei verd av moglegheiter

Bruker ein det riktig, kan internett vere eit nyttig verktøy for å skaffe nye kundar og halde på eksisterande kundar.

Internett gir oss mange moglegheiter – både for suksess og fiasko. Viss vi lukkast, kan vi raskt oppnå sal og komme i kontakt med mange menneske. Men det er lett å gå seg vill og sløse masse tid og pengar på tilbod som ikkje gir forventa resultat.

Internett blir brukt til netthandel, einvegskommunikasjon (reklame, firma- og produktinformasjon) og tovegskommunikasjon (sosiale medium, bloggar).

Netthandel

Reiselivsnæringa var tidleg ute med sal via internett. Først ute var transportselskap og turoperatørar. I dag blir dei fleste reiselivsprodukt selde på nettet. Vi finn både pakkereiser, skreddarsydde turopplegg, hotell, restaurant, fly-, bane- og bussreise, aktivitetar og opplevingar. Nettsalet skjer anten direkte frå nettbutikken til firmaet eller via kjeder (hotell), reisebyrå og bransjekjøpesenter (flytransport, hotell mfl.).

Betaling med bankkort blir stadig meir vanleg og blir no rekna som ein sikker betalingsmåte.

Annonsering

Annonsering på internett er sterkt aukande. Det er to hovudtypar:

  • bannerannonsar, som ser ut som vanlege annonsar på papir
  • søkjeord som er knytte til produktet vårt

Bannerannonsar er som regel forholdsvis små og eignar seg for korte bodskap og oppmoding til handling.

Søkjeordannonsering skjer ved å søkje etter tilslag med bestemde ord på Google, Kvasir og andre søkjemotorar. Vi søkte med ordet sydentur på Kvasir og fekk omtrent 44 200 treff på 0,15 sekund.

Viss du gjer eit liknande eksperiment, vil du finne resultata i to kolonnar. Dei som kjem øvst i kvar kolonne, hamnar der fordi annonsøren har betalt mest per tilslag. Jo høgare opp annonsøren kjem, desto større er sjansen for å få kundar.

Nettstad

Ein nettstad (nettside, nettportal) blir brukt til å presentere firma (organisasjonar, institusjonar) og produkt. Ein viktig nettportal for reiselivet i Noreg er VisitNorway.no

Sosiale medium

Sosiale medium er kanalar eller plattformer som ved hjelp av internett eller webbasert teknologi opnar for interaksjon mellom to eller fleire menneske (brukarar). Med interaksjon meiner vi deling av informasjon, kommunikasjon og diskusjon mellom brukarane.

Eksempel på sosiale medium er Facebook, Twitter og Youtube. I tillegg kjem ei rekkje personlege bloggar.

Sosiale medium er hurtige, opne og skapte av spontanitet. Det er brukarane som bestemmer kva som skal skrivast i sosiale medium. Ei verksemd som tar i bruk sosiale medium, må tilpasse seg forma og innhaldet i mediet. Brukarane kan skrive kva dei vil, og vi må rekne med både positive og negative kommentarar.

Læringsressursar

Sals- og presentasjonsteknikk