Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Sals- og presentasjonsteknikkChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Sals- og presentasjonsteknikk

For ein seljar er det viktig med gode ferdigheiter innan sals- og presentasjonsteknikk. Du må kunne uttrykke deg både munnleg og skriftleg. I tillegg må du beherske relevante digitale verktøy i salgsarbeidet.

Illustrasjon av person som holder foredrag. Foto.

Digitale sals- og presentasjonsverktøy kjem i stadig nye former. Teknisk utstyr og programvare gjer det mogleg med avanserte former for oppfølging av kundar og presentasjonar av reiselivsprodukt. Men det er også viktig å vere bevisst på at digitale verktøy kan gjere salsarbeidet mindre personleg, og at dei er sårbare for teknisk svikt.

Bedrifter bruker elektroniske kundedatabasar for informasjon om kundane og deira kontakt med leverandøren. Informasjonen er tilgjengeleg samtidig for fleire medarbeidarar på ulike stader. Store mengder data kan handsamast effektivt og sikkert. Ved hjelp av CRM (Customer Relationship Management) kan bedrifta få fram ytterlegare informasjon om interaksjon med kundar og kundeemne, hovudsakleg salsaktivitetar, men også marknadsføring og kundeservice, omsetning og lønnsemd.

Reiselivsnæringa var tidleg ute med bruk av internett som kanal for informasjon, sal og marknadsføring. I dag blir dei fleste reiselivsprodukt selde på nettet, og bruk av sosiale kanalar er blitt vanleg. Telefonsal blir òg brukt, gjerne i kombinasjon med nettsal, og her bør seljar bruke eit manus som er tilpassa produktet og målgruppa.

Digitale verktøy har bidrege til ei drastisk endring av skriftleg kommunikasjon i forretningslivet. Både skriveutstyr, distribusjon, språkleg innhald og form forandrar seg. Det finst mange digitale program som eignar seg til presentasjonar, til dømes PowerPoint. Her er det viktig å ha fokus på bodskapen, og ikkje overdrive bruk av effektar.

Læringsressursar

Sals- og presentasjonsteknikk