Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. InformasjonskjelderChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Informasjonskjelder

Ny teknologi har gitt oss ei overveldande moglegheit til å skaffe oss informasjon om aktuelle reisemål, og kva reisemålet har å by på av attraksjonar, mat og overnatting.

Bilde av moderne lesebrett.

Internett har ført til ei eksplosiv utvikling i tilgangen på informasjon. På same tid er trykte medium framleis ei viktig kjelde.

Utviklinga av Internett har konsekvensar både for gjesten og for den som skal utøve vertskapsrolla. At kvar gjest har ein tilnærma uavgrensa tilgang på informasjon, stiller store krav til evna den tilsette har til å møte gjesten med ulike teknologiar, på ulike plattformer og i ulike medium.

Her skal vi sjå på nokre grunnleggjande forskjellar mellom informasjonsteknologi og informasjonskjelder ved å trekkje fram nokre døme som viser spennet i ein vanleg arbeidsdag.

Vi vil også sjå nærare på nokre utvalde informasjonskjelder, og korleis desse bringar dei tilsette og gjestane tettare saman.

Læringsressursar

Informasjonskjelder