Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SikkerheitChevronRight
  4. BrannsløkkemiddelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Brannsløkkemiddel

Her skal vi seie litt om ulike brannsløkkemiddel.

Ulike typar sløkkemiddel

Branntrekanten viser kva element som må til for å starte ein brann. Den same trekanten viser korleis vi kan sløkke ein brann.

Kva type brann som kan oppstå, avgjer kva typar sløkkemiddel ein bør installere. Eit hotellbygg kan innehalde mange typar verksemder, som til dømes forretningslokale, industri, vaskeri, treningssenter, restaurantar, IT-verksemd og private heimar. Derfor er det mange typar brannar som kan oppstå på eit hotell.

Det er heilt nødvendig å vite kva typar sløkkemiddel som kan brukast til kva, for å kunne sløkke dei ulike branntypane. Lova krev at vi gjer oss kjende med kvar dei er plasserte, og korleis vi skal bruke dei. Gå inn på lenkja i margen.

Sløkkeapparat er merkte med bokstavkodar. Dette er internasjonale kodar som forklarer kva slags brannar apparata kan sløkke. Gå inn på lenkja i margen.

Automatiske brannsløkkeanlegg

Automatiske brannsløkkeanlegg kan vere svært effektive, og dei kan fungere uavhengig av menneska. Det er viktig at dei tilsette i bedrifter som har slike anlegg, kjenner til prinsippet for korleis dei verkar.

Sjå for deg ein situasjon der du som nattevakt opplever at livlege gjester øydelegg eit sprinklarhovud på eit rom om natta. Dersom ikkje sprinklaranlegget blir slått av i løpet av kort tid, er resultatet vasskadar for svært store summar – kanskje fordelt over fleire etasjar.

Sprinklaranlegg er vanlige automatisk sløkkeanlegg på hotellrom og i fellesareal på hotell. Dette er eit automatisk sløkkeanlegg som bruker vatn som sløkkemiddel. Ein glasampulle i sprinklarhovudet sprekk ved varme og slepper ut vatnet. Vanlege sprinklaranlegg kan ikkje utløyse alle sprinklarhovuda samtidig.

Når eit sprinklaranlegg er utløyst, kan det berre stoppast heilt ved at ein stengjer sprinklarventilen og tømer anlegget for vatn.

Kolsyreanlegg har same innhaldet som handsløkkarar med CO2. Dette er store anlegg som vanlegvis blir brukte mot brannar i elektriske anlegg og store datatenarrom. Anlegget kveler brannen, og då er det også ein reell fare for at menneske og dyr som er i slike rom, blir kvelte.

Inertgassar verkar gjennom oksygenfortrenging. Inertgassar blir ofte brukte i rom der ein ikkje vil risikere at sløkkemiddel gjer skade på folk, eller i rom som har inventar og utstyr som skal vernast. Inertgassar blir ofte brukte i IKT-rom, museum, kontrollrom, arkiv og så vidare.

Automatisk frityrsløkkar blir brukt i verksemder som har frityr. Slike verksemder pliktar å ha eige sløkkeutstyr for frityrbrann. Sløkkemiddelet fungerer i prinsippet som eit sprinklaranlegg, med ein glasampulle som sprekk ved ein gitt temperatur, slik at kjemikala blir spreidde ut over frityrgryta.

Branninstruksar

Dei fleste branninstruksar er bygde opp slik at dei først og fremst fokuserer på å redde liv og å varsle. Korrekt respons på brannalarm eller branntilløp er avgjerande for utfallet.

Det som fører til flest personskadar og til død ved bygningsbrannar i Noreg, er ikkje flammane, men gassar som er både usynlege og luktfrie.

Når det brenn, stig den varme lufta opp, det gjer også dei fleste gassane. Det er derfor tryggast å krype dersom vi er i eit rom med brannutvikling.

Kva gjer vi når vi kjem til ei dør inn til eit rom der ein branndetektor er utløyst?

  • Ta med sløkkemiddelet bort til døra.
  • Kjenn på dørbladet og handtaket.
  • Set deg på huk ved sida av døra.
  • Bruk foten som kile framfor døra.
  • Opn døra forsiktig på gløtt.

Feil respons på brannalarmar og branntilløp kan føre til andre typar skadar, til dømes fall- og klemskadar.

Vi menneske handlar ofte automatisk i ekstreme situasjonar, til dømes når brannalarmen blir utløyst på eit hotell om natta. Då vel mange å opne branndører og brannportar for å komme seg ned i resepsjonen same vegen som dei brukte til rommet, i staden for å følgje nødlysa og rømmingsskilta til næraste rømmingsveg. Kvifor dette skjer, er det nok mange forklaringar på, men ei av årsakene er truleg at dette er ein veg dei kjenner, og dei veit kvar han endar.

Dei overnattar ofte på hotell og som fokuserer på tryggleik, les branninstruksen når dei har sjekka inn på hotellet, og dei gjer seg kjende med næraste sløkkemiddel, manuelle brannmeldarar og rømmingsvegar. Dei same menneska responderer riktig dersom brannalarmen går, og dei kan også vere til hjelp for dei tilsette ved ei evakuering.

Det blir stilt spesielle krav til særskilde brannobjekt, dei som blir kalla for § 13-bygg. Det er krav om dokumentasjon som planteikningar, oversikt over rømmingsvegar, tekniske og fysiske tiltak. Vidare må ein ha oversikt over vedlikehaldsrutinar, internkontrollar, opplæring, øvingar, andre kontrollar og servicar knytte til branntryggleiken. Hotell er § 13-bygg.

Det er eit krav at hotell har branninstruks for tilsette (forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn, § 3-4). Ein branninstruks skal både gjere det mindre sannsynleg at det oppstår ein brann, og redusere konsekvensane av ein brann. Alle tilsette ved ei verksemd skal ha opplæring i branntryggleik på eigedommen, det same skal deltidstilsette (forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn, § 3-3).

Ein branninstruks bør minimum innehalde:

  • førebyggjande rutinar
  • redningsinstruks

Ein kan med fordel bruke symbol og teikningar for å gjere instruksar så enkle å forstå som råd i ein stressa situasjon. Når vi oppdagar ein brann, eller brannalarmen er utløyst, er det lett å gløyme det vi har lært. Derfor bør alle ha lett tilgang til branninstruksen på arbeidsstasjonen. Reinhaldarane kan til dømes ha branninstruksen hengjande på reingjeringstrallene.

Læringsressursar

Sikkerheit

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ran

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tjuveri

  • SubjectMaterialFagstoff

    Derfor er førstehjelp viktig

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Undersøking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Framandlekamar i luftvegane

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Akutte sjukdommar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forgiftingar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Emosjonell førstehjelp

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Konsekvensar av brann

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Meir om sløkkemiddel

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter