Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SikkerheitChevronRight
  4. Brann og brannårsakerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Brann og brannårsaker

Her skal vi seie litt om kva ein brann er, og vi skal sjå på ulike brannårsaker.

Bygning står i full brann. Foto.

Brann

Kvart år døyr i gjennomsnitt 60–70 personar i brannar i Noreg. Mange menneske får alvorlege fysiske og psykiske skadar.

Den mest kjende hotellbrannen i Noreg var på Hotel Caledonien i Kristiansand i 1986. 14 menneske omkom i brannen.

Verdiar i form av materielle skadar for milliardar av norske kroner går tapt, arbeidsplassar forsvinn, og så mange som mellom 60–70 prosent av bedriftene som blir totalskadde av brann, må leggjast ned. Uerstattelege kulturskattar blir borte for kommande generasjonar. Miljøskadar og tapt omdømme er også ein del av dei negative resultata av brannar.

Kva er ein brann? Ein definisjon på brann er varme og røyk som ikkje er under kontroll.

Lov og forsikringskrava til brannvernarbeid varierer frå land til land. Som medarbeidarar i ulike bedrifter i fleire land må vi sjølve sørgje for å hente inn informasjon og opparbeide oss den kompetansen som blir kravd av oss i den posisjonen vi har. Vi må ikkje gløyme det ansvaret som ligg på vertskapet når det gjeld tryggleiken til gjestene. Det er forventa at vi som vertskap skal kunne svare på spørsmål om tryggleiken og hjelpe gjestene dersom det skulle oppstå uønskte hendingar. Det er ikkje slik at vertskapet skal vere ekspertar på tryggleik, men vi må ha kompetanse om det mest grunnleggjande.

Lat oss ta branntryggleiken på eit hotell som døme. Gjestene forventar at vertane har god kunnskap om varslingsrutinane ved brann, om kva branninstruksen seier, og om korleis rømmingsvegane er bygde opp. Gjestene forventar også at vertane kan svare på spørsmål som:

  • Kva skjer med bagasjen vår på rommet?
  • Kvar skal vi sove?

Som tilsette i bedrifter i Noreg pliktar vi å delta aktivt i det tryggleiksfremmande arbeidet, blant anna ved å søkje etter informasjon og varsle om vi oppdagar farlege situasjonar eller avvik.

Brannårsaker

Litt statistikk

Statistikkane seier at opp mot 50 prosent av bygningsbrannane i Noreg oppstår som feil på elektrisk anlegg eller utstyr, eller på grunn av feil bruk av elektrisk utstyr. Open eld kjem som nummer to på årsaksstatistikken. Sjølvtenning og påtenning er også kjende årsaker.

Statistikkane er gode hjelpemiddel når vi skal gjere risikovurderingar og arbeide førebyggjande.

Døme på brannårsaker

Her er nokre døme på brannårsaker – i tilfeldig rekkjefølgje:

  • manglande reingjering av elektriske apparat
  • for varm frityr eller bruk av feil olje i frityr
  • statisk elektrisitet i lukka behaldarar, til dømes industritørketromlar på hotell
  • vaskemaskiner, oppvaskmaskiner, tørketromlar
  • levande lys
  • tildekking av panelomnar og stråleomnar
  • vedfyring
  • lading av elektriske bilar
  • lading av mobiltelefon eller anna elektronisk utstyr
  • tørrkoking
  • skadar på elektriske installasjonar
  • lause kontaktar og leidningar på elektrisk anlegg
  • røyking inne og ute
  • kaffitraktarar og vasskokarar som ikkje er slått av, eller som det er feil på
  • filler med løysemiddel som sjølvtenner

Kor medvitne vi menneske er når det gjeld tryggleiken, varierer mykje, og mangelen på slikt medvit er ofte ei forklaring på kvifor det går gale.

Læringsressursar

Sikkerheit

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ran

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tjuveri

  • SubjectMaterialFagstoff

    Derfor er førstehjelp viktig

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Undersøking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Framandlekamar i luftvegane

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Akutte sjukdommar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forgiftingar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Emosjonell førstehjelp

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Konsekvensar av brann

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Meir om sløkkemiddel

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter