Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SikkerheitChevronRight
  4. Skadar og symptom ved ulykkerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skadar og symptom ved ulykker

Her skal vi seie litt om ytre og indre blødingar, diabetes, epilepsi, brannskadar og forgiftingar.

Ung kvinne ringer etter hjelp ved en ulykke. Foto.

Ytre og indre blødingar

Mistar ein person mykje blod, må vi stanse blødinga med ein gong, situasjonen kan raskt bli livstrugande.

Alvorlege ytre eller indre blødingar kan oppstå i uventa situasjonar. Ver alltid budd, det er eit godt prinsipp. Vi legg ikkje ut på fjelltur utan å lytte til erfarne fjellfolk. Ha alltid med ei førstehjelpsveske med det grunnleggjande utstyret, blant anna bandasjar. Dette kan vi kjøpe i ferdige pakkar på apotek og i sportsforretningar.

Ved mistanke om akutt hjartesjukdom må vi omgåande ringje nødnummer 113.

Symptom på akutt hjartesjukdom:

  • har sterke smerter, ubehag i brystet, er uvel, kvalm, kraftlaus, slapp eller får plutseleg tung pust

Førstehjelp:

  • sørg for frie luftvegar og la pasienten sitje eller liggje
  • dersom pasienten er bevisstlaus, legg han eller henne i sideleie
  • set i gang HLR ved pustestans

Førstehjelp ved pulsåreblødning

Trykkbandasje på blødende sår. foto.
Trykk direkte på såret. Legg først på ein kompress, deretter ein hard gjenstand over såret. Legg ein trykkbandasje rundt.

Diabetes

Diabetes blir ofte kalla for sukkersjuke, og er eit aukande problem i befolkninga. Personar med diabetes opplever ulike symptom dersom dei får for høgt eller lågt blodsukkernivå. Vi kallar det for insulinsjokk eller sukkerslag. Begge tilstandane kan utvikle seg til ein alvorleg helsetilstand for pasienten. Det er svært viktig å ikkje gi feil førstehjelp ved insulinsjokk eller sukkerslag. Sjå lenkja i margen.

Epilepsi

Epilepsi er eit teikn på ekstreme elektriske utladingar i skadde hjerneceller. Symptoma på anfall varierer. Det kan vere svært tydelege symptom som rytmiske krampetrekningar, stivleik i kroppen, sterke rykkingar i armar og bein. Ein person med epilepsianfall kan miste medvitet, få frode rundt munnen og kortvarig pustestans.

Somme symptom er mildare og kan vere vanskelege å sjå. Pasienten kan vere medviten, men forvirra, og ha sanseforstyrringar, vere bleik, raudne, sveitte, brekke seg, ha hjartebank, få spyttflod eller kjenne eit ubehag i magen som stig opp mot hovudet. Det er mange gamle «kjerringråd» om korleis ein skal hjelpe menneske med epileptiske anfall. Fleire av råda er direkte skadelege for pasienten. Sjå lenkja i margen.

Forgiftingar

Forgiftingar kan føre til alt frå mildt ubehag til – i verste fall – død. Nokre symptom kjem med ein gong, medan andre først blir synlege etter dagar, veker eller månader. Vi som arbeider i servicebedrifter, kan først og fremst bidra med noko i dei tilfella der symptoma kjem raskt. Eit stort spekter av stoff og produkt kan føre til fare for forgifting, og alle tilfelle av forgifting er ulike.

Læringsressursar

Sikkerheit

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Derfor er førstehjelp viktig

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Undersøking

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Framandlekamar i luftvegane

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Akutte sjukdommar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forgiftingar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Emosjonell førstehjelp

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Konsekvensar av brann

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Meir om sløkkemiddel

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter