Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SikkerheitChevronRight
  4. Typar uønskte hendingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Typar uønskte hendingar

Her seier vi litt om korleis vi deler uønskte hendingar inn i ulike kategoriar. Nokre av hendingane er tilsikta, medan andre er utilsikta.

Lommetyveri på t-bane. Foto.

Vi kan dele uønskte hendingar inn i fleire kategoriar:

  • akutt sjukdom, personskadar, død
  • brann
  • vald
  • ran
  • tjuveri

Kor sannsynleg det er at dei ulike hendingane skjer, varierer mykje etter kva ein arbeider med og kvar. Å bli rana er nok ganske lite sannsynleg om bord i eit fly, men desto meir sannsynleg i storbyane.

Eit fylleslagsmål er nok lite sannsynleg på ei av dei bemanna hyttene til Den Norske Turistforening, men desto meir sannsynleg på julebord på eit hotell. Vi skal gi ei grunnleggjande innføring i korleis ein kan arbeide opp mot dei ulike uønskte hendingane. Deretter må ein vurdere på kvar enkelt stad og for kvar enkelt situasjon kva ein skal fokusere mest på.

Vi kan dele uønskte hendingar inn i to kategoriar: utilsikta og tilsikta hendingar.

Dersom ein person dett ned Spansketrappa i Roma fordi ho eller han stig feil, er det ei utilsikta uønskt hending.

Viss derimot ein italiensk gjest på eit hotell i Oslo opplever å bli fråstolen mobiltelefonen sin på sentralbanestasjonen, så er det ei tilsikta uønskt hending. Nokon gjorde dette med vilje mot gjesten din.

Om det som skjedde, er tilsikta eller ikkje, er det forventa at vi som vertskap har ein plan for korleis gjesten kan redusere konsekvensane når hendinga er eit faktum. Helst skulle vi som vertskap kanskje ha åtvara gjesten i Roma om at Spansketrappa ofte er full av turistar og kan vere glatt på grunn av vatn og anna søl frå turistane. Og gjestene i Oslo burde ha vore åtvara mot nettopp faren for lommetjuveri på sentralbanestasjonen i Oslo.

Måten vi arbeider på for å redusere sannsynet for og konsekvensane av uønskte hendingar, er forskjellig når vi ser på dei to kategoriane av hendingar vi har gjort greie for.

Vi har laga eit emne for kvar av dei uønskte hendingane vi meiner det er mest sannsynleg kan skje.

Læringsressursar

Sikkerheit

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Derfor er førstehjelp viktig

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Undersøking

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Framandlekamar i luftvegane

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Akutte sjukdommar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forgiftingar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Emosjonell førstehjelp

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Konsekvensar av brann

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Meir om sløkkemiddel

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter