Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SikkerheitChevronRight
  4. Derfor er førstehjelp viktigChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Derfor er førstehjelp viktig

Den største feilen vi kan gjere, er å ikkje gjere noko! Å kunne utføre livreddande og emosjonell førstehjelp og ta ansvar på ein skadestad kan redde liv.

Førstehjelp

Sjåførar, servicepersonell, reiselivstilsette og tryggingspersonell vil ofte vere dei første på skadestaden, anten det er i det offentlege rom eller på privat eigedom.

I situasjonar med til dømes hjarteinfarkt eller store ytre blødingar er ofte medisinsk personell, som ambulansepersonell, heilt avhengige av at dei første som kjem til skadestaden, set i verk livreddande førstehjelp inntil dei sjølve kjem til skadestaden.

Akuttmedisinsk personell seier at mange i samfunnet har god opplæring i førstehjelp, men at ein stor del av dei dessverre er redde for å gjere feil. Gjer noko! Den vanlegaste feilen er å ikkje gjere noko.

Kompetanse om livreddande førstehjelp er viktig både i det private, på arbeidsplassar og i det frivillige, som fotballklubbar og liknande.

Samfunnet tek det at ein skal hjelpe menneske i nød, svært alvorleg. I straffelova § 387 står at ein har plikt til å hjelpe den som er i synleg og overhengande fare, så framt ein kan gjere det utan fare for seg sjølv.

«Kunnskap gir tryggleik»

Med god kunnskap og øving vil du bli tryggare og lettare ta ansvar i situasjonar som krev at du gir førstehjelp. Å kunne utføre livreddande og emosjonell førstehjelp og ta ansvar på ein skadestad er viktig for alle. For serviceyrke er det heilt nødvendig – det kan oppstå situasjonar i bussen, på hotellet, på kjøpesenteret og så vidare som krev rask handling medan vi ventar på medisinsk personell.

Nokre nyttige lenkjer

Tenk over

Blir ein livlaus person liggjande i romtemperatur i 5–8 minutt utan hjelp, vil pasienten mest sannsynleg døy.

Kor lang utrykkingstid er det frå næraste ambulansesentral til skolen eller arbeidsplassen din?

Læringsressursar

Sikkerheit

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ran

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tjuveri

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Undersøking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Framandlekamar i luftvegane

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Akutte sjukdommar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forgiftingar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Emosjonell førstehjelp

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Konsekvensar av brann

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Meir om sløkkemiddel

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter