Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SikkerheitChevronRight
  4. Døme på branninstruksarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Døme på branninstruksar

Lat oss sjå på to døme på generelle branninstruksar for resepsjonistar og reinhaldarar på hotell.

Brannalarm

1 Branninstruks for reinhaldarar

FØREBYGGJANDE

Hald deg alltid orientert om

  • rømmingsvegar
  • sløkkeutstyr (plassering/type/bruk )
  • handmeldarar brann
  • spesielle branninstruksar
  • tekniske brannverntiltak

Dagleg brannvernarbeid

  • Sjå etter moglege brannårsaker og varsle ved avvik, t.d.:
    • skadd elektrisk utstyr på gjesterom og andre stader på hotellet
    • brannskadar på inventar etter røyking på rom
    • gjester som har skadd brannvarslingsanlegget
    • skadar på sløkkemiddel
    • sløkkemiddel som er fjerna eller sperra inne
    • lukt av brent
    • sikringar som går
  • Ikkje hald dører til gjesterom opne med handklede eller kilar.
  • Ikkje sperr rømmingsvegar med reingjeringsvogner eller støvsugarar.
  • Ikkje legg støvsugarslangar, straumleidningar eller andre gjenstandar over brannseksjonsopningar slik at dei blir hindra i å lukke seg.

VED BRANNALARM

  • Respekter alarmen.
  • Det er brann inntil det motsette er bevist.
  • Start evakuering av gjester og vis veg til rømmingsveg.
  • Fjern reingjeringsvogn og støvsugarar og plasser dei på næraste gjesterom eller ein annan stad der dei ikkje hindrar rømming.
  • Lukk dører inn til gjesterom.
  • Pass på at heis ikkje blir brukt.
  • Møt i resepsjon og følg instruksar frå leiinga.

Ved brann

  • Slå alarm dersom han ikkje er utløyst.
  • Opptre vidare som ved alarm.
  • Forsøk å sløkke dersom det er mogleg utan fare for liv og helse for deg eller andre.

Rekkjefølgja av tiltaka er situasjonsbestemt og må vurderast kontinuerleg.

Ein branninstruks bør innehalde minimum:

  • førebyggjande rutinar
  • redningsinstruks

Forenkla branninstruks

Når vi oppdagar ein brann, eller brannalarmen er utløyst, er det lett å gløyme det vi har lært. Derfor bør alle ha lett tilgang til branninstruks på arbeidsstasjonen.

Reinhaldarar kan til dømes ha ein forenkla branninstruks hengjande på reingjeringstrallene – éi side med punkt som gjeld ved brann eller utløyst brannalarm. Baksida kan innehalde bilete eller andre illustrasjonar frå hotellet.

Døme på enkel instruks – framside

Branninstruks

Døme på enkel instruks – bakside, enkel teikning av eigedom

Branninstruks - tegning av eiendom

2 Branninstruks for brannvernleiar/resepsjonist

  1. Varsle omgåande brannvesenet på telefon 110.
  2. Set i gang evakuering i tråd med instruksane. Skriv ut gjestelister.
  3. Dersom det er mogleg, plasser éin person ved kvar nødutgang på bakkenivå. Den personen skal vise dei evakuerte vegen til samlingsplassen. Er resepsjonisten åleine på jobb, vurder å bruke gjester til denne oppgåva. Ver forsiktig med kven som blir spurd. Lever ut tiltakskort til den som får dette i oppgåve, for å ha ein kort instruks og kart.
  4. Lokaliser brann.
  5. Set i verk sløkkingsforsøk i tråd med planane / det tilgjengelege utstyret.
  6. Følg framdrifta i evakueringsarbeidet.
  7. Peik ut ein person til å ta hand om oppgåva på samlingsplassen til hotellet. Dersom resepsjonisten er åleine på jobb, vurder å bruke ein gjest til oppgåva. Lever ut instruks til den som får dette i oppgåve. Sørg for å ha klar ein kort instruks, kart og sjekkliste saman med refleksvest. Vedkommande blir på samlingsplassen til han eler ho får beskjed av brannvesen eller resepsjonist.
  8. Møt og informer brannvesenet når dei kjem.

Sørg for menneske eller bilar ikkje blokkerer tilkomsten for brannvesenet.

Rekkjefølgja av tiltaka er situasjonsbestemt og må vurderast kontinuerleg.

Førebyggjande tiltak er som for reingjerar:
  • varsle 110 og utløyse
  • brannalarm redde
  • evakuere gjester
  • bemann nødutgangane
  • lokaliser brannstad
  • forsøk å sløkke
  • bemann samlingsplassen
  • møt brannvesenet

Læringsressursar

Sikkerheit

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Derfor er førstehjelp viktig

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Undersøking

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Framandlekamar i luftvegane

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Akutte sjukdommar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forgiftingar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Emosjonell førstehjelp

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Konsekvensar av brann

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Meir om sløkkemiddel

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter