Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SikkerheitChevronRight
  4. Meir om sløkkemiddelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Meir om sløkkemiddel

Det finst fleire ulike typar brannsløkkemiddel. For å velje riktig sløkkemiddel må vi vite kva type brann vi har med å gjere.

Brannslokkingsapparat

Val av brannsløkkemiddel

Når vi skal velje sløkkemiddel, må vi ha inngåande kjennskap til dei ulike sløkkemidla som finst.

Branntrekanten viser kva element som må til for å starte ein brann. Den same trekanten viser korleis ein kan sløkke ein brann, og korleis sløkkemidla påverkar branntrekanten.

No er det slik at enkelte sløkkemiddel kan forverre situasjonen dersom dei blir brukte på branntypar som dei ikkje er meint å sløkke. Somme brannar kan bli forverra dersom vi forsøkjer å sløkke dei med vatn.

Risikovurderingar og grundige forarbeid vil avdekkje kva typar brannar som kan oppstå i verksemda du skal tryggje. Kunnskap om kva type sløkkemiddel som verkar mest effektiv på dei ulike branntypane, er avgjerande for å kunne halde risikoen på eit akseptabelt nivå.

Korleis vi skal opptre ved brannutvikling i ein bygningsmasse, er gjort greie for i branninstruksen for bygningen. Hovudfokus dersom ein vurderer å gå inn med sløkkeinnsats, må alltid vere eigentryggleik. Sløkkemetoden varierer alt etter kva sløkkemiddel vi bruker.

Brannsløkking – video

Handhaldne sløkkemiddel

Det finst fleire typar handhaldne sløkkemiddel. Dei er merkte med bokstavkodar for kva typar brannar dei er best eigna for. Det er ofte kombinasjonar mellom fleire bokstavar.

Automatiserte sløkkeanlegg

Sløkkeanlegg kan også vere automatiserte. Automatiserte anlegg kan brukast i både privatbustader og bedrifter.

Døme

Eit hotell kan innehalde mange typar verksemd, som tilsvarer til dømes forretningslokale, storindustri, vaskeri, treningssenter, restaurant, IT-verkstad og privatheim. Derfor er det mange ulike typar brannar som kan oppstå på eit hotell. Det er heilt nødvendig å vite kva typar sløkkemiddel som kan brukast for få bukt med dei ulike branntypane.

Læringsressursar

Sikkerheit

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ran

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tjuveri

  • SubjectMaterialFagstoff

    Derfor er førstehjelp viktig

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Undersøking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Framandlekamar i luftvegane

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Akutte sjukdommar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forgiftingar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Emosjonell førstehjelp

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Konsekvensar av brann

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter