Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. KjøpsåtferdChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kjøpsåtferd

Kva tenkjer og gjer folk når dei søkjer etter, kjøper og bruker varer og tenester? Denne åtferda kallar vi kjøpsåtferd. Kjøpsåtferda varierer frå person til person. Ho blir påverka av verdiane og haldningane våre, familie, vener og kjente, og ho er annleis for feriereiser enn for yrkesreiser.

En person handler på nett med et kredittkort. Foto.

Kjøpsåtferd handlar om kva behov og motiv som ligg bak eit kjøp og kva for stadium kjøparen går gjennom i samband med eit kjøp. Desse stadia blir kalla for kjøpsprosess.

Kjøpsåtferd er ofte avhengig av kva for marknader kundene representerer: forbrukarmarknaden eller bedriftsmarknaden.

Som seljar må du vere oppteken av å tilfredsstille behova til kundane. Du må derfor ha kjennskap til kvifor og korleis kundane kjøper produkta, anten det er på forbrukarmarknaden eller bedriftsmarknaden.

Læringsressursar

Kjøpsåtferd

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter