Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Kulturelle særtrekkChevronRight
  4. Ikkje lenger innvandrarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ikkje lenger innvandrar

Statistisk sentralbyrå endrar ordbruken for betre å skildre at det norske samfunnet er fleirkulturelt, melder Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Noman Mubashir. Foto.
Noman Mubashir er fødd på Lørenskog av pakistanske foreldre. Fram til no har SSB rekna han for å vere innvandrar.

Med den nye omgrepsbruken vil berre personar som tidlegare blei definerte som «førstegenerasjons innvandrarar», bli omtalte som innvandrarar.

Samlenemninga «innvandrarbefolkning» vil ikkje lenger bli brukt i statistikkane.

Denne samlenemninga blir erstatta av «innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre». Det skriv Minja Tea Dzamarija i ein artikkel i Samfunnsspeilet 4, 2008 der ho gjer greie for revisjonen SSB ha gjort av omgrepsbruken i innvandrarstatistikken.

Bort med «innvandrarbefolkning»

«Innvandrarbefolkning» er blitt mykje brukt som samlekategori for innvandrarar og dei norskfødde barna deira. Det viste seg å vere ein problematisk kategori, først og fremst fordi norskfødde barn av innvandrarar ikkje er så like foreldra sine at det er tenleg med ei samla statistisk gruppering.

Da SSB oppretta kategorien i 1994, såg ein store skilnader i demografi og levekår mellom «innvandrarbefolkninga» og befolkninga elles.

Det store fleirtalet av dei norskfødde innvandrarbarna var den gongen svært unge, og det hadde lita hensikt å ha dei som eiga gruppe ved skildring av utdanning, yrkesdeltaking og så vidare. I dag er situasjonen ein annan. Dei to gruppene har etter kvart blitt relativt ulike.

Kilde: Nrk.no

Læringsressursar

Kulturelle særtrekk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Generasjon utlending

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Intervju med tre juniorspillere på VIF

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Praktiske råd

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Minoritetar, kultur og fordommar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff