1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Kulturelle særtrekkChevronRight
  4. Kulturen som reisemålChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kulturen som reisemål

Når turistar kjem til Noreg, forventar vi at dei skal setje seg inn i og respektere skikkane våre – slik vi gjer når vi oppsøkjer andre land?


Dragehode i bauen på rekonstruert vikingskip. Foto.

Å bli kjend med andre kulturar

På same måten som vi reiser til andre land og oppsøkjer andre kulturar, kjem turistar og yrkesreisande frå mange andre land til Noreg. Dei ser på landet vårt som eksotisk og annleis. Vi har blant anna vikingkultur, stavkyrkjer, sportsarenaer, kunst og samisk kultur som dei ønskjer å bli kjende med.

«Når du kjem til eit land, bør du spørje om skikkane», sa den kinesiske vismannen Konfutse til disiplane sine. Eit godt norsk uttrykk er «å stikke fingeren i jorda der du kjem». Det gjeld både innanlands og utanlands – i møte med norske og utanlandske kulturar.

Respekt og forståing

Kva er det som kan øydeleggje reiseopplevinga for gjestene våre? Først og fremst er det kjensla av å ikkje bli verdsett, forstått og respektert som individ.

Det er veldig lett å tenkje at dette ikkje kan vere så vanskeleg. Det er då berre å yte god service, tenkjer du kanskje. Men det er mykje som ligg i god service. Utfordringa blir å finne ut kva som er god service for den enkelte gjesten. Alle gjester er ulike.

Sett deg inn i situasjonen til kunden/gjesten

Tenk deg at du jobbar i eit reisebyrå som er spesialist på dyre, eksklusive reiser til Austen. Ein kunde kjem inn og spør om prisen på ei reise til Thailand. Du kjem med mange ulike forslag, men gjesten ristar berre på hovudet. Du forstår at prisnivået i dette reisebyrået er for høgt for vedkomande.

Korleis løyser du dette problemet utan at kunden kjenner seg underlegen? Er det greitt å tilrå eit anna reisebyrå? Klarer du å løyse dette problemet slik at gjesten blir nøgd, så har du gitt god service, sjølv om du ikkje fekk selt ei reise.

Prøv alltid å setje deg inn i situasjonen til gjesten, og tenk på korleis du sjølv ønskjer å bli motteken når du reiser til andre land.

Kva gjer du sjølv?

Er du sjølv flink til å respektere kleskodar, tradisjonar og kultur når du er turist? I mange muslimske land skal ein dekkje til kne, skuldrer og hår når ein går inn i ein moské. Mange stader er det eigne avdelingar for kvinner i moskeane. I katolske kyrkjer må ein til dømes dekkje skuldrene.

Mange reagerer også på synleg rusa personar. Mange nordmenn trur at det å reise til Syden er det same som å ha frie taumar og ingen grenser. Lokalbefolkninga har nok ikkje den same oppfatninga. Mange nasjonalitetar har eit veldig negativt rykte på seg når det handlar om fyll og bråk på sydendestinasjonar.

Det er alltid viktig å tenkje på at vi ikkje skal krenkje lokalbefolkninga der vi ferdast. Derfor er det svært viktig at vi set oss nøye inn i normene og kva som er akseptert åtferd, på den staden vi skal besøkje.

Læringsressursar

Kulturelle særtrekk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ikkje lenger innvandrar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Generasjon utlending

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Intervju med tre juniorspillere på VIF

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Praktiske råd

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Minoritetar, kultur og fordommar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff