Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Kulturelle særtrekkChevronRight
  4. Å bli kjend med det ukjendeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å bli kjend med det ukjende

Å vere redd for det som er nytt og ukjent, er ganske vanleg. Men dersom vi vågar å gå utanfor vår eiga komfortsone, og møter andre menneske og kulturar med openheit og positiv nysgjerrigheit, får vi ny kunnskap og spennande opplevingar.

Venner på restaurant. Foto.

Redd for det ukjende?

Mange utlendingar kan i møte med nordmenn oppfatte oss som reserverte og avvisande. Kvifor trur du det er slik?

  • Er det fordi vi er redde for det ukjende?
  • Er det vår måte å verne oss sjølve mot det ukjende på?
  • Er vi redde for at kulturen til andre skal ta over?

Nytt og spennande?

Sjølv om vi som nasjon verkar skeptiske til nye landsmenn, så er vi veldig opne for mykje av det dei tek med seg til landet. Kor mange har ikkje ete på ein restaurant som er eigd og driven av vietnamesarar, kinesarar, italienarar eller tyrkarar?

Vi opplever nye spennande smakar og tillagingsmåtar, samtidig som både råvarer og smak er tilpassa norske forhold. Ein «hot» variant av ein rett er sannsynlegvis mindre sterk når han blir servert i Noreg, enn når han blir servert i opphavslandet!

Matretter er eit godt døme på korleis vi blir påverka av andre kulturar og gradvis gjer dei til våre eigne. Til dømes var pizza så å seie heilt ukjend i Noreg før 1960–70-åra.

Eit anna døme er sushi, som vi et mykje av, men han er også tilpassa norske forhold. Mange stader i Noreg finn vi britiske pubar, men spør du ein engelskmann, så er dei svært forskjellige frå dei originale engelske pubane.

Innvandrarbutikkane fløymer over av eksotiske matvarer som igjen gjer det norske måltidet rikare og endrar matvanane våre.

I Noreg kan du ete mat frå alle verdshjørna – vi blir påverka av det vi opplever når vi reiser i andre land, og det innvandringa fører med seg. Kva ville vel den nattlege turen på byen vere utan å ete ein kebab på tur heim?

Openheit og kunnskap

Vi må unngå å setje menneske i bås og heller møte det som er framandt og ukjent, med openheit og kunnskap. Då utviklar vi oss som menneske.

Som vertskap for menneske frå andre land er det viktig at vi går ut av vår eiga . Gjennom å bli kjende med det ukjende skaffar vi oss kunnskap og innsikt og vinn over frykta for det framande. Det er nødvendig for at vi skal kunne gjere ein god og profesjonell jobb som vertskap.

Tenk etter

Å kle seg i ei lokal tradisjonell klesdrakt frå heimlandet til gjesten er for mange å stige ut av komfortsona si. Det same kan det vere å ete ukjend mat som blir servert – særleg dersom hjerne, magesekk og nyrer står på menyen. Kva med å servere smalahove til ei gruppe utanlandske turistar?

Vil du at gjestene skal vere opne for norske tradisjonar, må du også sjølv ta eit steg ut av di eiga komfortsone og møte gjestene på banehalvdelen deira.

Læringsressursar

Kulturelle særtrekk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ikkje lenger innvandrar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Generasjon utlending

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Intervju med tre juniorspillere på VIF

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Praktiske råd

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Minoritetar, kultur og fordommar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff