1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Kulturelle særtrekkChevronRight
  4. Ulike kjønnsrollemønsterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike kjønnsrollemønster

I Noreg har vi lovbestemt likestilling mellom kjønna. I mange andre land gjeld andre reglar. Sjølv om vi kan vere usamde, må vi som vertskap vise respekt for normene og skikkane til gjestene våre.

Mann ser på mor og sønn forbereder mat på kjøkkenet. Foto.

Likestilling

I Noreg er det likestilling mellom kvinner og menn. Dette er vanleg i kulturen vår, og noko vi ser på som ei sjølvfølgje. Som vertskap kan vi derimot møte menneske med andre oppfatningar og andre kjønnsrollemønster.

Her i landet er det ikkje råd å lese og til ei kvinne ut frå korleis ho kler seg. Rett nok har mange norske bunader hovudplagg som signaliserer sivilstanden til menn og kvinner. Men bunaden blir berre brukt i spesielle høve, og det er dessutan mange unge kvinner og menn som ikkje bruker hovudplagg til bunaden.

Overhovudet i familien

I mange land er det mannen som er overhovudet i familien. Kvinner kan ikkje ferdast åleine offentleg, dei må ha følgje av mannen sin, av far eller bror eller eventuelt ei anna kvinne.

Jobbar du i ein hotellresepsjon, oppdagar du at det i mange tilfelle er mannen som er overhovudet i familien og kontaktar deg om avtalar som er gjorde, betaling og så vidare.

Somme gonger kan ein oppleve at mannen sjølv tek initiativet til at kvinne deltek i samtalen og den sosiale kontakten. I desse tilfella er det viktig å vere fortruleg og vise respekt.

Læringsressursar

Kulturelle særtrekk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ikkje lenger innvandrar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Generasjon utlending

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Intervju med tre juniorspillere på VIF

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Praktiske råd

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Minoritetar, kultur og fordommar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff