Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Kulturelle særtrekkChevronRight
  4. Verda blir mindreChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Verda blir mindre

Vi reiser stadig meir, verda blir mindre. Mange som kjem til Noreg som turistar eller yrkesreisande, kan engelsk, men langt frå alle. Det er derfor nyttig å kunne gjere seg forstått på meir enn eitt framandspråk.

Globus snurrer rundt mot svart bakgrunn. Foto.

Vi reiser meir

Folk reiser meir enn nokon gong. Stadig fleire nasjonalitetar oppdagar Noreg som eit nytt, eksotisk og spennande land som dei gjerne vil besøkje. Vi må strekkje oss etter å tilpasse oss nye grupper av gjester og behova deira.

Kva ønske har dei, og kva slags forventningar har dei til opphaldet sitt i Noreg? Korleis kan vi bidra til at dei blir nøgde og kanskje kjem til bake – og ikkje minst til at dei vil tilrå oss og tilbodet vårt til andre?

Språk

Å kunne språk blir berre viktigare. Engelsk lærer vi allereie i barneskulen. Mange har også tilbod om andre framandspråk allereie i ungdomsskulen.

Har du planar om å jobben innanfor reiseliv, eksport/import eller kjenner dragninga mot utlandet, så er det viktig å lære seg fleire språk.

Engelsk er utbreidd både i Europa og andre verdsdelar, mange kan snakke engelsk. Likevel skal du ikkje lenger enn til for eksempel Tyskland, Frankrike og Italia før vi kan risikere å møte veggen språkmessig.

Mange land har gamle og svært stolte språktradisjonar, og dei ser ikkje verdien av å lære seg engelsk. Det er derfor viktig at ein som vertskap kan kommunisere på fleire språk. Dette er igjen med på å skape ein nær og god relasjon til gjesten.

Ønskjer du å arbeide i reiselivsbransjen, er tysk, spansk og fransk dei viktigaste språka du kan tileigne deg i tillegg til engelsk. Mange gonger kan berre nokre høflege fraser på språket til gjesten bryte isen og opprette god kontakt. Veit du at ein spansk gjest er venta, så gjer du heimeleksa di! Lær deg til dømes velkomen, god dag, god kveld og takk på spansk. Dette blir sett stor pris på.

Noreg har også mange kinesiske og japanske gjester. Dei reiser ofte i større grupper, og dei har som regel med seg ein reiseleiar som snakkar engelsk.

Læringsressursar

Kulturelle særtrekk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ikkje lenger innvandrar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Generasjon utlending

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Intervju med tre juniorspillere på VIF

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Praktiske råd

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Minoritetar, kultur og fordommar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff