1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Kulturelle særtrekkChevronRight
  4. Kroppsspråk og kulturelle forskjellarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kroppsspråk og kulturelle forskjellar

Det kan vere store forskjellar på kroppsspråket i ulike delar av verda – frå land til land og innanfor eitt og same landet.

Asiatisk par i tradisjonell drakt gir hilsener. Foto.

Kulturelle forskjellar

Dei kulturelle forskjellane kan vere vidt forskjellige frå land til land, og frå kontinent til kontinent.

Berre i Europa er det store forskjellar frå land til land. Sjølv i det same landet kan det vere forskjellar – alt etter om du er i nord eller sør i landet. I Nord-Italia kan vi oppleve folk som svært urbane og internasjonale. Reiser vi sørover i landet til for eksempel Napoli eller øya Sicilia, har mange ei mykje meir open åtferd, dei er ivrige og gestikulerer meir.

I Noreg er det også store ulikskapar mellom landsdelane. Vi har til dømes mange svært ulike dialektar, og vi kan høyre kvar i landet folk kjem frå. Somme kan bli oppfatta som meir hissige og brautande enn andre, medan andre blir oppfatta som tolmodige, sindige og litt treige.

  • Finn døme på korleis vi nordmenn blir oppfatta som forskjellige alt etter kvar i landet vi kjem frå. Er desse forskjellane verkelege, eller er dei fordommar?
  • Kva særeigenskapar kan du fortelje om frå din eigen heimstad eller din eigen landsdel?

Ulikt kroppsspråk

Kroppsspråket er forskjellig frå kultur til kultur, og det kan derfor vere ei kjelde til misforståingar. I land sør i Europa, til dømes Spania og Italia, er det vanleg med eit breitt register av kroppsspråk. I dei skandinaviske landa er vi litt meir tilbakehaldne med kroppsspråket.

Skikk og bruk

Det er stor forskjell mellom austleg og vestleg kultur også når det gjeld skikk og bruk og kva som er akseptabel åtferd. Kinesarane kan rape etter eit måltid for å vise at dei liker maten, medan det her i Noreg og den vestlege verda blir sett på som svært uhøfleg. I Japan er det vanleg at ein et opp alt på tallerkenen, så pass på at du ikkje forsyner deg med meir mat enn du klarer å ete.

I USA og England blir ein ofte møtt med «korleis har du det», utan at dei ventar på at du skal svare, og «ring meg når du er i byen», utan at ein meiner alvor. Dette er vanlege, høflege frasar som vi nordmenn skjønar lite av.

Kultur og samfunn

Omgrepa kultur og samfunn blir ofte brukte saman. Eit samfunn er ei gruppe menneske som lever saman, medan kultur er dei tankane og haldningane som knyter samfunnet saman.

Dette gjer at vi kan nytte uttrykk som at italienarar har sin italienske kultur, engelskmennene har sin kultur, og vi nordmenn har vår kultur.

Dei kulturelle forskjellane kan vere store. Det er tradisjonane og kunnskapane til kvar enkelt nasjonalitet som dannar bakgrunnen for dei store forskjellane.

Måltid

I Noreg er det vanleg å ete middag om ettermiddagen, etter skule og jobb. Så kan vi ete eit lettare måltid seinare på kvelden før vi legg oss.

I Sør-Europa er det meir vanleg at middagen blir servert i åtte–ni-tida om kvelden, mange stader også seinare, og dette er då det siste måltidet om dagen

Tenk etter

Kjenner du til andre forskjellar knytte til mat og måltid? Frukost? Føremiddagsmat eller lunsj?

Tenk over

Medan vi her i Noreg kan kysse offentleg utan at nokon bryr seg, blir dette i mange andre land sett på som ei privat seksuell handling. Korleis kan ein på ein diskré måte vere eit kjærastepar på ferie i eit land der intimitet blir sett på som svært privat?

Læringsressursar

Kulturelle særtrekk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ikkje lenger innvandrar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Generasjon utlending

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Intervju med tre juniorspillere på VIF

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Praktiske råd

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Minoritetar, kultur og fordommar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff