Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Det heilskaplege reiselivsproduktetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Det heilskaplege reiselivsproduktet

I løpet av ei feriereise møter du mange reiselivsaktørar. Nokre er kanskje tilfeldige, andre er ein viktig og planlagt del av reiseopplevinga. I nettbanken kan du sjå at bankkortet ditt er brukt hos mange ulike bedrifter, noko som illustrerer kor samansett ei reiselivsoppleving kan og skal vere.

Turister på spekkhoggersafari i Lofoten. Foto.

Det heilskaplege reiselivsproduktet består av transport, overnatting, servering, oppleving og distribusjon. For å oppnå eit godt heilskapleg reiselivsprodukt må mange lokale aktørar samhandle.

I dette emnet skal du også lære å bruke teoriar om det heilskaplege reiselivsproduktet for å analysere ulike reisemål med utgangspunkt i ei reiselivsbedrift. Vi vil ta utgangspunkt i den norske forskaren Georg Kamfjord sin modell, sidan den har vore sentral i utviklinga av norsk reiseliv.

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet