Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Behov og ønskeChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Behov og ønske

Vertskapsrolla handlar om korleis vi skal fylle rolla vår som vert. Med vert meiner vi ein person som tek imot gjestar. Verten si viktigaste oppgåve er å få gjesten til å føle seg velkommen ved å yte god service. For å kunne gjere dette på ein god måte treng vi å kjenne gjesten sine behov og ønske.

En familie sjekker inn på hotell. Foto.

For å avdekkje gjesten sine behov og ønske treng vi kunnskapar om behovsteori, motivasjon og kommunikasjon. Jobbar du for eksempel som resepsjonist på eit hotell, må du både observere og stille spørsmål til gjestane for å avdekkje kva behov og ønske dei har.

Kvar gjest er unik med sine eigne behov og ønske. Nokre gjestar har spesielle behov når det gjeld mat, nokre ønskjer mange aktivitetar, mens andre helst vil slappe av. For å få nøgde gjestar må vi som vertskap innfri forventningane deira og helst yte litt ekstra.

Læringsressursar

Behov og ønske

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter