Hopp til innhald

  1. Home
  2. 1P - Matematikk fellesfagChevronRight
  3. FunksjonarChevronRight
  4. Lineære funksjonarChevronRight
  5. Korleis finne funksjonsuttrykket for ein lineær funksjon ut frå grafenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis finne funksjonsuttrykket for ein lineær funksjon ut frå grafen

Den generelle lineære funksjonen kan skrivast som f(x) = ɑx + b der ɑ er stigingstalet og b er konstantleddet. For å finne funksjonsuttrykket, må vi difor finne ɑ og b.

Grafen til en lineær funksjon.Tegning.

I koordinatsystemet til høgre har vi teikna grafen av ein lineær funksjon.

Grafen skjer y-aksen i punktet (0, -1). Det tyder at b=-1.

Hugs at du alltid finn konstantleddet ved å sjå kor grafen skjer y-aksen!

Når vi går éi eining til høgre frå (0, -1), må vi gå to einingar opp på y-aksen for å treffe grafen. Det tyder at a=2.

Funksjonsuttrykket blir derfor f(x)=2x-1.

Legg merke til at vi like gjerne kan ta utgangspunkt i eit anna punkt på grafen for å finne stigingstalet. Vi ser av grafen at vi får same resultat om vi tar utgangspunkt i punktet (2, 3).

Læringsressursar

Lineære funksjonar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter