Hopp til innhald

  1. Home
  2. 1T - Matematikk fellesfagChevronRight
  3. Briggske logaritmarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Briggske logaritmar

Her ser vi på kva vi meiner med logaritmen til eit tal. Definisjon

Logaritmen (den briggske logaritmen) til eit positivt tal er eksponenten i den potens av 10 som gir talet

10lg a=defa

Døme

Logaritmen til 100 er lik 2 fordi 100=102.

Logaritmen til 1000 er lik 3 fordi 1000=103.

Logaritmen til 1 er lik 0 fordi 1=100.

Logaritmen til 2 er lik 0,3010 fordi 2=100,3010.

På norsk bruker vi skrivemåten «lg» for den briggske logaritmen. Den briggske logaritmen har 10 som grunntal. Vi kan også definere logaritmar med andre grunntal enn 10.

Vi kan finne logaritmen til alle tal ved å bruke eit digitalt verktøy. I GeoGebra finn vi til dømes logaritmen til 100 slik

GeoGebra, logaritmer