Hopp til innhald

  1. Home
  2. 1T - Matematikk fellesfagChevronRight
  3. ProsentpoengChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Prosentpoeng

Dersom det talet vi skal finne prosentvis endring på er målt i prosent frå før, må vi passe litt på.

Prosent oppslutning grafisk framstilling. Illustrasjon.

På ei meiningsmåling auka eit politisk parti oppslutninga si frå 30 % i oktober til 30 % i november.

Men dette tyder ikkje at oppslutninga om partiet har auka med 3 %, sjølv om
33 %-30 %=3 %!

Dersom til dømes talet på elevar i ein skuleklasse går opp på same måten, frå 30 elevar til 33 elevar, så er jo ikkje auken på 3 %.

Då er auken på 10 %.

1 %, eller 1 hundredel, av 30 elevar er 0,3 elevar, og 10 % er då lik
0,3 elevar·10=3 elevar.

Vi kan også rekne slik: Auken i forhold til opphavleg verdi er lik 330=0,1=10100=10 % .

Det same må gjelde for den auka prosentvise oppslutninga for det politiske partiet.

Vi seier at partiet har gått fram 3 prosentpoeng på meiningsmålinga, frå 30 prosentpoeng til 33 prosentpoeng.

Auken i forhold til opphavleg verdi er då lik 3 prosentpoeng30 prosentpoeng=0,1=10 %.