Hopp til innhald

  1. Home
  2. 1T - Matematikk fellesfagChevronRight
  3. Tal og algebraChevronRight
  4. Eksponential- og logaritmelikningarChevronRight
  5. ProsentrekningChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Prosentrekning

Desse oppgåvene kan løysast utan bruk av hjelpemiddel.

10.1

Skriv tala som prosent.

a) 0,50
b) 1,60
c) 2,35
d) 0,12
e) 0,08

vis fasit

a) 50 %
b) 160 %
c) 235 %
d) 12 %
e) 8 %

10.2

Skriv tala som prosent.

a) 0,512
b) 1,752
c) 0,035
d) 0,0012
e) 0,0834

vis fasit

a) 51,2 %
b) 175,2 %
c) 3,5 %
d) 0,12 %
e) 8,34 %

10.3

Skriv som desimaltal.

a) 23 %
b) 15 %
c) 2 %
d) 85 %
e) 9 %

vis fasit

a) 0,23
b) 0,15
c) 0,02
d) 0,85
e) 0,09

10.4

Skriv som desimaltal.

a) 2,3 %
b) 0,15 %
c) 22,5 %
d) 0,085 %
e) 9,25 %

vis fasit

a) 0,023
b) 0,0015
c) 0,225
d) 0,00085
e) 0,0925

10.5

Mary Ann og Niels Henrik kjøper ein pizza. Pizzaen er delt i 9 like store stykke. Niels Henrik et 5 pizzastykke og Mary Ann et 4 stykke.

a) Kor mange prosent av pizzaen et Niels Henrik?

vis fasit

Niels Henrik et 590,556=55,6 % av pizzaen.


b) Kor mange prosent av pizzaen et Mary Ann?

vis fasit

Mary Ann et 490,444=44,4 % av pizzaen.

PS! Sidan dei åt opp heile pizzaen, kunne vi ha funne svaret slik: 100 %-55,6 %=44,4 %

10.6

Kåre sel ved. Eit år aukar han prisen på eit mål ved frå 1 500 kroner til 1 800 kroner.
Kor stor er prisauken i prosent?

vis fasit

Prisauke i kroner 1800 kroner-1500 kroner=300 kroner

Prisauke i prosent 3001500=3001500=31155=15=0,20=20 %

10.7

Kathinka har deltidsjobb og betaler 15 % av lønna i skatt. Kor mykje må Kathinka betale i skatt når ho tener 50 000 kroner?

vis fasit

Vi går "vegen om 1".

1 % av lønna blir 50 000 kroner100=500 kroner.

15 % blir då 500 kroner·15=7 500 kroner.

Kathinka må betale 7 500 kroner i skatt.

10.8

Ein genser kostar 240 kroner. Det er sal, og genseren blir sett ned med 30 %.
Kva blir salsprisen på genseren?

vis fasit

Vi går "vegen om 1". 1 % av prisen blir 240 kroner100=2,40 kroner.

30 % blir då 2,40 kroner·30=72 kroner.

Salsprisen blir då 240 kroner-72 kroner=168 kroner.

10.9

Eit par joggesko er sett ned frå 990 kroner til 490 kroner. Kor stort er avslaget i prosent?

vis fasit

Avslaget i kroner er 990 kroner-490 kroner=500 kroner.

Avslaget i prosent 5009900,505=50,5 %.

10.10

Ein dress blir seld med 30 % rabatt til 1 400 kroner. Kva var den opphavlege prisen?

vis fasit

30 % rabatt tyder at 1 400 kroner svarar til 100 %-30 %=70 % av den opphavlege prisen.

Vi går "vegen om 1". 1 % av prisen blir 1400 kroner70=20 kroner.

100 % blir då 20 kroner·100=2000 kroner.

Den opphavlege prisen var 2 000 kroner.

10.11

Ein sykkel blir seld med 25 % rabatt til 2 490 kroner. Kva var den opphavlege prisen?

vis fasit

25 % rabatt tyder at 2 490 kroner svarar til 100 %-25 %=75 % av den opphavlege prisen.

Vi går "vegen om 1". 1 % av prisen blir 2490 kroner75=33,20 kroner.

100 % blir då 33,20 kroner·100=3320 kroner.

Den opphavlege prisen var 3 320 kroner.

Læringsressursar

Eksponential- og logaritmelikningar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Prosentrekning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • LearningPath

    Vekstfaktor

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • LearningPath

    Prosentpoeng

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Vekstfaktor

  • SubjectMaterialFagstoff

    Prosentrekning

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vekstfaktor

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Prosentpoeng

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Vekstfaktor

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Prosentpoeng

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du om prosentrekning?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du om vekstfaktor?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du om prosentpoeng?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff