Hopp til innhald

  1. Home
  2. 1T - Matematikk fellesfagChevronRight
  3. FunksjonarChevronRight
  4. Ikkje-linære funksjonstyparChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Ikkje-linære funksjonstypar

I 1T skal du lage, tolke og gjere greie for funksjonar som beskriv praktiske problemstillingar, analysere empiriske funksjonar og finne uttrykk for tilnærma lineære samanhengar, med og utan bruk av digitale verktøy.

I lineære funksjonar opptrer variabelen x berre i første potens. I nokre funksjonar opptrer x i andre potens. Vi kallar derfor slike funksjonar for andregradsfunksjonar. Tilsvarande kan vi ha tredjegradsfunksjonar, fjerdegradsfunksjonar og så vidare.

Andre funksjonstypar er rasjonale funksjonar, der x opptrer i nemnaren på ein brøk. Vi skal også sjå på potensfunksjonar og eksponentialfunksjonar. Felles for alle funksjonstypane i dette underemnet er at dei ikkje er lineære.

Læringsressursar

Ikkje-linære funksjonstypar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter