Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for realfagChevronRight
  3. FunksjonarChevronRight
  4. Matematiske modellarChevronRight
  5. Trigonometrisk funksjon som modellChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trigonometrisk funksjon som modell

Harmoniske svingingar kan også modellerast ved regresjon i GeoGebra.

På sida Modellere periodiske fenomen kan du sjå korleis vi utan digitale hjelpemiddel kan modellere harmoniske svingingar med ein sinusfunksjon. Men det går óg an å gjere regresjon med trigonometriske funksjonar.

Trigonometrisk funksjon som modell

Døme

x
0 1 4 7 9 10 12 13 15 17 20 22 24
T (°C) 19 17 15 17 19 21 25 26 27 26 24 22 18
Bilde av lindesnes fyr

Tabellen viser temperaturar målet gjennom eit sommardøgn ved Lindesnes fyr. Temperaturen, T, er målt i grader Celsius, og x er talet på timar etter midnatt.

Vi gjer regresjon i GeoGebra på vanleg måte, men passar på at vi vel "Sin" som regresjonsmodell. Då får vi ein sinusfunksjon som vi ser er ein bra modell for temperatursvingingane dette døgnet.

Bilde av et koordinatsystem og tenkjeboble

Læringsressursar

Matematiske modellar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter