Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for realfagChevronRight
  3. GeometriChevronRight
  4. Vektorar på koordinatformChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dekomponering av vektorar

Vi dekomponerer til vanleg ein vektor med hjelp av vektorar som er parallelle med koordinataksane.

Bilete av dekomponert vektor. Illustrasjon.

Då vi førte inn vektorkoordinatar, såg vi korleis ein vektor, a, kunne skrivast som ein sum av dei to vektorane ax og ay. Av figuren ser vi at

a=ax+ay

Når vi skriv ein vektor som ein sum, seier vi at vi dekomponerer vektoren.

Her er a skriven som ein sum av to vektorar som er parallelle med koordinataksane. (Når vi dekomponerer ein vektor, kan komponentane i prinsippet ha kva retning som helst.)

På koordinatform kan vi skrive

a = ax+ay5, 3=5, 0+0, 3

Læringsressursar

Vektorar på koordinatform