Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for realfagChevronRight
  3. GeometriChevronRight
  4. Vektorar på koordinatformChevronRight
  5. Multiplikasjon av vektor med talChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Multiplikasjon av vektor med tal

Vi multipliserer ein vektor på koordinatform med eit tal ved å multiplisere begge vektorkoordinatane med talet.

Bilete av vektorar på koordinatform. Illustrasjon.

Gitt vektoren

p=1, 2

Vi ser at

2·p=2, 4

Vi har altså at

2·1, 2=2·1, 2·2=2, 4

Med CAS i GeoGebra får vi same resultat.

CAS-utklipp av multiplikasjon av vektor med tal. Illustrasjon
Vi multipliserer ein vektor med eit tal ved å multiplisere begge vektorkoordinatane med talet

t·x, y=t·x, t·y

Vi kan vise at denne setninga er rett ved å skrive vektorane som ein sum av einingsvektorar.

t·x, y = t·x·ex+y·ey                    =t·x·ex+t·y·ey          =t·x, t·y

Læringsressursar

Vektorar på koordinatform