Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. AlgebraChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Algebra

Hva tenkjer du på når du høyrer ordet "algebra"? Bokstavrekning? Likningar? Formlar?

Bannerbilde for emnet algebra i faget S2. Foto.

Ordet algebra har vi fått frå det arabiske ordet «al-jabr», som tyder å rette opp att eller gjere fullstendig. I dette faget vil vi jobbe meir med dette emnet innanfor ulike tema. Talrekkjer og talføljer, faktorisering og likningar er noko av det du møter her.

Emner

Algebra

  • Talføljer

    Her lager vi formlar for talmønster i talføljer. Vi ser på både aritmetiske og geometriske talføljer.

  • Talrekkjer

    Dette emnet handlar om talrekkjer, spesielt korleis vi finn summen av dei n første ledda i aritmetiske og geometriske rekkjer.

  • Uendelege geometriske rekkjer

    Her skal vi rekne med uendelege geometriske rekkjer med konstante og variable kvotientar og finne konvergensområdet for desse rekkjene.

  • Faktorisering

    I matematikken treng vi ofte å omforme, forenkle og trekkje saman uttrykk. Her ser vi på faktorisering av polynom med nullpunktmetoden og polynomdivisjon.

  • Likningar

    No skal du lære å løyse nokre tredjegradslikningar. Du skal også bli betre kjent med likningar med rasjonale uttrykk.

Læringsressursar

Algebra