Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. SannsynChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kombinatorikk

Ventimiglia, Italia
Kva er sannsynet for at berre ein av dei to kjærestane får vere med på turen?

Kombinatorikk er eit område innanfor matematikken som kan hjelpe oss med finne talet på moglege kombinasjonar.

Klasse 2B har vunne ei reise for seks personar. Alle elevane ønskjer å reise, difor bestemmer læraren at dei seks elevane som får dra, skal trekkjast ut tilfeldig. Kåre og Janne går i 2B. Dei er kjærastar. Dei er litt bekymra og lurer på kva sannsynet er for at berre éin av dei får vere med på turen.

Alle elevane har like stor sjanse for å bli trekt ut. Vi har ein uniform sannsynsmodell.

Hugsar du korleis vi reknar ut sannsynet for ei hending i ein uniform sannsynsmodell?

På sidene om sannsynsrekning i 1P og 1T står det:

I ein uniform sannsynsmodell er alle utfall like sannsynlege.

Sannsynet for ei hending A er gitt ved

PA=gm=talet  gunstige utfall for Atalet  mogelege utfall

Hjerte

Kåre og Janne er interesserte i sjansane for hendinga «at berre éin av dei blir trekt ut». Dei vil då vite kor mange gunstige utfall det er for denne hendinga, og kor mange moglege utfall det er.
Kor mange kombinasjonar av seks elevar kan vi lage ut frå 25 elevar, og kor mange av desse er berre éin av dei to kjærestane med i?

Kombinatorikk er eit område innanfor matematikken som kan hjelpe oss med slike teljeproblem.

Du skal snart lære korleis vi kan finne talet på moglege kombinasjonar, men først skal vi sjå på nokre viktige omgrep i kombinatorikken.

Læringsressursar

Sannsyn