Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. FunksjonarChevronRight
  4. ModelleringChevronRight
  5. Modell for svingetida til ein pendelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Modell for svingetida til ein pendel

Kva for ein matematisk modell passar best for samanhengen mellom pendellengda og svingetida til ein svingande pendel?

Bilde av en skisse av en pendel

På figuren til høgre ser du ei skisse av ein pendel. Når du drar pendelkula ut til sida slik figuren viser, og slepper ho, vil ho svinge att og fram.

Svingetida til pendelen er tida det tar frå du slepper pendelkula, til ho er tilbake i same posisjon. Svingetida måler vi i sekund.

Svingetida endrar seg når vi endrar lengda på snora. Vi ønskjer å finne samanhengen mellom snorlengd og svingetid.

Praktisk oppgåve

Mutter som svingar i ei snor, heimelaga pendel. Bilete.
Heimelaga pendel

Gå saman i små grupper. Finn ein passande plass til å hengje opp ein pendel. For at luftmotstanden ikkje skal forstyrre målingane, bør de bruke eit relativt tungt lodd som pendelkule og la pendelsnora vere så tynn som mogleg. Husk at snorlengda skal målast frå opphengspunktet til midt i pendelkula.

Mål svingetida for pendelen ved ulike snorlengder. La snorlengda variere frå 0 til 4 meter.

Bruk Regresjonsanalyse i GeoGebra til å finne ein potensfunksjon som modell for svingetida.

Korleis stemmer modellen din med modellen frå sida Eksponentialfunksjon eller polynomfunksjon som modell?

Læringsressursar

Modellering

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter