Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. FunksjonarChevronRight
  4. ModelleringChevronRight
  5. ModelleringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Modellering

Ein matematisk modell kan vere ein formel som viser samanhengen mellom to storleikar, x og y. Når formelen er av typen

y=ax+b

der a og b er konstantar, har vi ein lineær matematisk modell. Grafane som beskriv slike samanhengar, er rette linjer. Derav namnet lineær modell.

Modell for omkrinsen av ein sirkel

Bilde av fire sirkler, i fire forskjellige størrelser

Vi vil undersøkje samanhengen mellom radius i ein sirkel og omkrinsen av sirkelen.

For å samle inn data kan vi finne sirkelforma gjenstandar og måle samanhøyrande verdiar av radius og omkrins.

Vi kan også bruke GeoGebra til å finne nokre samanhøyrande verdiar.

Bruk GeoGebra til å teikne fire sirklar med radius på høvesvis 0,310 cm, 1,40 cm, 2,30 cm og 3,30 cm.

Bruk deretter «Avstand eller lengd – knappen» til å måle omkrinsen av sirklane.

For kvar verdi av radius, som vi kan kalle x, får vi ein verdi for omkrinsen, som vi til dømes kan kalle g(x). Vi seier at omkrinsen g(x) er ein funksjon av radius x.

Resten av dette dømet finn du på sida Lineære modellar.

Læringsressursar

Modellering

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter