Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. AlgebraChevronRight
  4. AndregradslikningarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Andregradslikningar

Å løyse ei andregradslikning vil seie å finne ut kva for verdiar av x som får likninga til å stemme. Av og til må ein ordne andregradslikninga for å sjå kva tala a, b og c er.

Den generelle andregradslikningen. Illustrasjon.

Andregradslikningar kan ha to løysingar, og vi har ulike metodar for å løyse dei. Vi kan løyse dei for hand ved å faktorisere ved hjelp av kvadratsetningane, eller ved å bruke abc-formelen. abc-formelen er ein formel som gjer det mogleg for oss å rekne ut løysingane direkte ut frå konstantane a, b og c i likninga. Som for andre likningar kan det også her hende at likninga har inga løysing, og av og til finst det berre éi løysing.

Vi skal òg sjå på likningssett med to ukjende der den eine ukjende er av andre grad.

Læringsressursar

Andregradslikningar