Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. AlgebraChevronRight
  4. LikningarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Likningar

Å løyse ei likning går ut på å finne ut kva for verdiar x kan ha for at likninga skal vere sann.

Jente som balanserer på nedsnødd gjerde. Foto.

Når vi løyser likningar for hand, gjeld det å halde balansen ved lag! Med balanse meiner vi her balansen på kvar side av eit likskapsteikn. Viss vi gjer ei endring på den eine sida i ei likning, må vi gjere ei tilsvarande endring på den andre sida. Til slutt skal vi fram til ei løysing for den ukjende (som regel x). Løysinga er det talet vi kan setje inn i likninga, som gjer at vi kan rekne ut og få det same talet på begge sider. Det er også slik vi kan kontrollere om løysinga vår er rett. Det finst òg likningar som ikkje har noko løysing, eller likningar med uendeleg mange løysingar.

Her skal vi sjå på korleis vi ordnar om på uttrykk og løyser likningar og likningssystem av første grad både gjennom rekning og med digitale verktøy.

Læringsressursar

Likningar