1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. AlgebraChevronRight
  4. Algebraiske uttrykkChevronRight
  5. Broten brøkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Broten brøk

Ein brøk der teljar og nemnar er brøkar, kallar vi for ein broten brøk.

Vi kan oppfatte divisjonsteiknet som ein brøkstrek.

Då kan vi skrive divisjonen 45:615 slik:

45:615=45615

Ein slik brøk, som består av brøkar i teljar og nemnar, kallar vi ein broten brøk. Vi skil mellom hovudbrøken og småbrøkane.

Småbrøkane 45 og 615 er brøkane i teljar og nemnar i hovudbrøken. La oss rekne ut stykket ved å bruke reknereglane for divisjon av brøkar.

45:615=45·156=4·1535·6=4·36=126=2

Vi kan forenkle ein broten brøk ved å utvide hovudbrøken med samnemnaren for småbrøkane.

45615=45·15615·15=45·153615·15=126=2

Vi ser at vi får same resultatet som ovanfor.

Lag ditt eige døme og forklar ein medelev omgrepa «broten brøk», «hovudbrøk» og «småbrøkar»! Greier de å forenkle brøken?

Læringsressursar

Algebraiske uttrykk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter