Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. AlgebraChevronRight
  4. Algebraiske uttrykkChevronRight
  5. Bokstavar kan erstatte talChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bokstavar kan erstatte tal

Det er ofte lurt å rekne med bokstavar i staden for tal. Dette kallar vi algebra.

Rektangel

Formelen for å rekne ut arealet av eit rektangel er A=g·h.

Du må altså multiplisere grunnlinja med høgda for å rekne ut arealet.

Døme

Vi skal rekne ut arealet av ein fotballbane der sidelengdene er 68 m og 105 m.

Ein fotballbane er rektangelforma. Vi lar den lengste sida vere grunnlinja, og den kortaste sida vere høgda.

Sør Arena, Kristiansand
Sør Arena, Kristiansand

Vi får at

A = g·h =105 m·68 m =7140 m2

Vi ser at bokstavane i formelen berre er erstatningar for talstorleikar, og ein formel er altså ei oppskrift for korleis vi skal rekne ut ein storleik. Når vi kjenner grunnlinja og høgda, kan vi rekne ut arealet.

I mange tilfelle er det lurt å rekne med bokstavar i staden for tal. Dette blir kalla algebra.

Reknereglane vi bruker når vi reknar med bokstavar, er akkurat dei same som gjeld for rekning med tal. Dersom du lurer på om du har rekna rett, kan du erstatte bokstavane med tal og sjå om utrekninga stemmer.

Læringsressursar

Algebraiske uttrykk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter