Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. AlgebraChevronRight
  4. Potensar og kvadratrøterChevronRight
  5. PotensarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Potensar

Kva er ein potens?

Vi kan som døme skrive talet 81 som ein potens. Vi har at sidan 81=3·3·3·3, så skriv vi 81 som potens slik

81=34

Denne skrivemåten tyder at vi skal multiplisere talet 3 med seg sjølv 4 gonger.

34=3·3·3·34 gonger=81

Å skrive 34 er altså berre ein annan måte å skrive talet 81 på.

Talet 3 blir kalla grunntalet og talet 4 blir kalla eksponenten. Eksponenten fortel kor mange gonger grunntalet skal multipliserast med seg sjølv.

Definisjon

La a vere eit vilkårleg tal og n eit naturleg tal. Då er

an=defa·a·a·...an gonger

Ved å skrive «def» over likskapsteiknet fortel vi at dette er noko som er bestemt, definert, at skal gjelde.

Læringsressursar

Potensar og kvadratrøter

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter