Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. AlgebraChevronRight
  4. Potensar og kvadratrøterChevronRight
  5. TiarpotensarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Tiarpotensar

Potensar med 10 som grunntal er nyttige når vi skal skrive svært store eller svært små tal.

Vi bruker ofte potensar med grunntalet 10 når vi reknar med svært store tal eller svært små tal. Tabellen nedanfor viser tiarpotensar av ulik storleik. Desse har eigne namn (prefiks). Ein del av desse bør du kunne.

Eit oversyn over nokre prefiks til tiarpotensar:

10n

Prefiks

Symbol

Namn

1015

peta

P

billiard

1 000 000 000 000 000

1012

tera

T

billion

1 000 000 000 000

109

giga

G

milliard

1 000 000 000

106

mega

M

million

1 000 000

103

kilo

k

tusen

1000

102

hekto

h

hundre

100

101

deka

da

ti

10

10-1

desi

d

tidel

0,1

10-2

centi

c

hundredel

0,01

10-3

milli

m

tusendel

0,001

10-6

mikro

μ

milliondel

0,000 001

10-9

nano

n

milliarddel

0,000 000 001

Prefiks

Kilo er opphavleg eit gresk ord som tyder tusen. Vi bruker ordet ved å setje det framfor til dømes meter og får då ei større lengd, nemleg kilometer. Vi bruker også symbolet k for kilo, og skriv då kilometer kortfatta som km. Eit ord som på denne måten blir sett framfor eit anna ord, blir kalla eit prefiks.

Læringsressursar

Potensar og kvadratrøter