Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. AlgebraChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Algebra

Ordet algebra har vi fått frå det arabiske ordet «al-jabr», som tyder å gjenopprette eller gjere fullstendig. Kva tenkjer du på når du høyrer ordet algebra? Bokstavrekning? Likningar? Formlar?

Bannerbilde for emnet algebra i faget S1. Foto.

Den persiske matematikaren Al-Khwârizmî (om lag år 800 e.Kr.) brukte ordet om ein operasjon han utførte for å gjere likningar enklare (metoden med å leggje til eller trekkje frå det same talet på begge sider av likskapsteiknet).

I dette emnet skal vi repetere noko av det du har lært tidlegare. I tillegg skal du lære meir om korleis du kan gjere uttrykk enklare, løyse likningar og ulikskapar og rekne med logaritmar. Du skal også lære litt om implikasjon og ekvivalens, og korleis du gjennomfører eit matematisk bevis.

Mykje av det vi skal arbeide med i dette emnet er heilt grunnleggjande for matematikken. Jobb godt og lær deg dette ordentleg – det kjem du til å ha att for seinare når du skal arbeide med andre delar av faget!

Emner

Algebra

  • Potensar og kvadratrøter

    Ein potens har eit grunntal og ein eksponent. Her finn du meir om potensar, tiarpotensar, standardform og rotuttrykk.

  • Algebraiske uttrykk

    Algebraiske uttrykk inneheld ofte både tal og bokstavar. I mange tilfelle er det lurt å rekne med bokstavar i staden for tal. Dette kallar vi algebra.

  • Likningar

    Ei likning består av eit likskapsteikn med eit tal eller uttrykk på kvar side.

  • Andregradslikningar

    Ei likning som kan skrivast på forma ax^2+bx+c=0 der a≠0, kallar vi ei andregradslikning.

  • Ulikskapar

    Ein ulikskap består av eit ulikskapssymbol med eit tal eller uttrykk på kvar side av symbolet.

  • Logaritmar

    Vi brukar logaritmar til å gjere somme typar uttrykk enklare og løyse eksponentiallikningar, som vi kan få i samband med eksponentiell vekst.

  • Implikasjon og ekvivalens

    Du kan lære å bruke omgrepa implikasjon og ekvivalens i matematisk argumentasjon.

Læringsressursar

Algebra