Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for yrkesfaglige programmerChevronRight
  3. Tal og algebraChevronRight
  4. TalrekningChevronRight
  5. Omvendt proporsjonalitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omvendt proporsjonalitet

Vi ser på eit døme der to storleikar er omvendt proporsjonale.

Buss med bussåfør. Foto.

Ein vennegjeng skal følgje fotballaget sitt på bortekamp. Dei må leige ein buss, og busselskapet skal ha 10 000 kroner for å køyre dei.

Kor mye kvar enkelt må betale, avheng av kor mange som blir med.

Det må uansett vere slik at talet på deltakarar multiplisert (gonga) med prisen kvar enkelt må betale, blir 10 000 kroner.

Vi kan lage ein tabell som viser samanhengen.

Talet på deltakarar51020254050
Pris per deltakar20001000500400250200
Tal på deltakarar · Pris10 00010 00010 00010 00010 00010 000

Dersom det berre er 5 deltakarar med på turen, må kvar deltakar betale 2 000 kroner. Dersom derimot bussen er fylt opp med 50 deltakarar, blir prisen berre 200 kroner per deltakar.

Den siste linja i tabellen viser at same kor mange deltakarar som er med, er talet på deltakarar multiplisert med (gonga med) pris per deltakar lik 10 000 kroner.

To storleikar er omvend proporsjonale dersom produktet av dei alltid er det same.

Talet på deltakarar og prisen per deltakar er omvendt proporsjonale storleikar.


Læringsressursar

Talrekning

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter