1. Home
  2. Matematikk for yrkesfaglige programmerChevronRight
  3. FunksjonarChevronRight
  4. Lineære funksjonarChevronRight
  5. Grafisk løysing av likningssett ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Grafisk løysing av likningssett

I tillegg til å løyse likningssett med rekning, kan vi løyse det grafisk.

Billettpris?
Billettpris?

I artikkelen Likningssett løyser vi likningssett med innsetjingsmetoden og ved addisjonsmetoden. I artikkelen Skjeringspunkt mellom to rette linjer finn vi skjeringspunktet mellom grafane av to lineære funksjonar grafisk. Denne metoden kan brukast til å løyse likningssett grafisk.

Vi ser på eit av døma frå artikkelen om likningssett.

Ein familie som består av tre barn og to vaksne betaler 380 kr for å komme inn på ein fotballkamp. Ein annan familie med 4 barn og 3 vaksne betaler 540 kr. Vi ønskjer å finne ut kva billettprisen er for barn og kva billettprisen er for vaksne.

La x vere billettprisen i kroner for barn og y billettprisen i kroner for vaksne.

Prisen den første familien betaler gir likninga

3x+2y=380

Prisen den andre familien betaler gir likninga

4x+3y=540

Graf i koordinatsystem. illustrasjon.

Vi løyser likningssettet grafisk.


Vi ordnar kvar likning slik at y blir skriven som ein funksjon av x i kvar av likningane

3x+2y = 380     2y=-3x+380      y=-32x+1904x+3y=540     3y=-4x+540       y=-43x+180

Så teiknar vi grafen av kvar av funksjonane.

Skjeringspunktet gir løysinga på likningssettet.

Billettprisen for barn er lik x-koordinaten til skjeringspunktet, 60 kroner.

Billettprisen for vaksne er lik y-koordinaten til skjeringspunktet, 100 kroner.

Læringsressursar

Lineære funksjonar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Matteboka 1T

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.