1. Home
  2. SamfunnsfagChevronRight
  3. Individ, samfunn og kulturChevronRight
  4. Mangfald og endringChevronRight
  5. Samane – eit urfolk i nordChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samane – eit urfolk i nord

Samane er Nordens urfolk. Samisk kultur er bevart gjennom tusenvis av år trass i store samfunnsendringar. Men samisk historie handlar også om undertrykking og kamp for rettar. Noreg har forplikta seg til å støtte samene sitt arbeid for å bevare og utvikle kulturen sin også i framtida.

Unge samiske gutter fra Karasjok kledd i kofter med tilhørende hodeplagg. Foto.

ILO-konvensjonen om urfolks rettar (nr. 169) definerer urfolk slik: «Urfolk er folk som har teke vare på, heilt eller delvis, den tradisjonelle kulturen sin, verdiane og institusjonane sine, og som levde i eit visst landområde før storsamfunnet overtok det eller staten vart etablert.» Noreg ratifiserte denne konvensjonen i 1990 og forplikta seg då til å treffe tiltak for å støtte samane sitt arbeid med å bevare og vidareutvikle kulturen sin. (Kjelde: Regjeringa.no)

Samane er Nordens urfolk og er busett i fire statar: Noreg, Sverige, Finland og Russland. Området strekkjer seg frå Kolahalvøya i nordaust til Engerdal i Sør-Noreg. På samisk heiter dette området Sápmi. Samane er den folkegruppa som har budd lengst i nord og utgjer mellom 60 000 og 80 000 menneske. Omtrent halvparten av dei bur i Noreg.

Naturen og slekta betydde alt

Eit særtrekk ved kulturen til samane er det nære forholdet deira til naturen. Dette har også prega måten samfunnet deira var bygt opp på. Dei var avhengige av naturen – det var der dei henta mat og klede og skaffa seg reiskapar og tak over hovudet. Da er det ikkje underleg at naturen vart utstyrt med liv og sjel, og at dei såg på spesielle stader som heilage.

Det tradisjonelle samfunnssystemet til samane vart bygt opp av mange små lokale einingar. Dei heitte siidaer og var baserte på slektskap mellom medlemmene. Det var fleire familiar eller hushald som i fellesskap disponerte over eit område. Siidane kunne gjere mykje for medlemmene sine, men dei var ikkje i stand til å samle alle samane til motstand når dei vart utsette for press frå andre folkeslag utanfrå. Dei vart pressa frå mange kantar og på mange område.

Skatteinnkreving

Grensetraktaten av 1751 var mellom Danmark-Noreg og Sverige. Traktaten fastla grensa mellom Noreg og Sverige og inkluderte også korleis landa skulle fordele dei samiske områda frå Femunden og nordover. Før dette hadde samane i periodar måtta betale skatt til fleire av rika på Nordkalotten.

På 1700-talet forsøkte folk frå dei nordiske rika å få innverknad over Sameland. I Noreg vart nokre av områda til samane gjorde til krongods. Det vart gitt som len til stormenn som kravde at samane skulle betale skatt og tiende.

Fornorskingspolitikk

Gruppe med samer i pesk utenfor Kautokeino kirke. Foto.
Samar saman med presten etter ei gudsteneste i Kautokeino kyrkje i 1882.

Samane vart etter kvart utsette for ein hardhendt fornorskingspolitikk som gjekk på både språk, kultur og religion. Misjonærar greidde nesten å ta knekken på den opphavlege religionen deira, og i skulane måtte barna først og fremst lære norsk. Frå 1848 skulle det samiske språket skiftast ut med norsk, og frå 1888 kunne samisk berre vere hjelpespråk i kristendomsundervisninga, elles skulle all undervisning vere på norsk. I 1902 bestemte Stortinget at berre norske statsborgarar som kunne snakke norsk, og som brukte norsk til dagleg, kunne få kjøpe jord. Først i 1965 vart denne regelen fjerna.

Joiking er ei samisk songform og ein viktig del av den samiske kulturen. Kristne misjonærar sa at joiken var syndig, og lenge var han forboden i mange skular. Politikken dei norske styresmatene førte overfor samane, var altså alt i alt fornorsking eller : Samane skulle sugast opp i det norske samfunnet og verte som fleirtalet.

Nokre år etter den andre verdskrigen byrja dei norske styresmaktene å endre meining når det gjaldt den politikken som burde førast overfor samane. Ute i verda – ikkje minst i FN – var menneskerettane ei svært viktig sak. Debatten om desse rettane påverka også norske styresmakter. Det var noko av bakgrunnen for at skulelova vart endra i 1959. Frå då av vart det lov å bruke samisk som opplæringsspråk, og samisk nybyrjarundervisning kom så smått i gang frå 1967.

Samane organiserer seg og yter motstand

Den første samiske avisa vart gitt ut i 1873 og heldt stand gjennom 33 utgåver. Sagai Muittalægje kom ut mellom 1904 og 1911 og hadde ein tydeleg politisk agenda. Avisa bidrog sannsynlegvis til at den første samiske stortingsrepresentanten vart vald inn i 1906. I 1917 kom det første landsmøtet saman – i Trondheim, men nokon samisk riksorganisasjon kom ikkje før etter den andre verdskrigen. I 1948 vart Norske Reindriftssamers Landsforbund stifta, og i 1968 kom Norske samers riksforbund.

Eit stridspunkt gjennom mange år var kven som hadde rett til land og vatn i Finnmark. I samband med kampen om utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget i 1970-åra vart det fart i denne diskusjonen. I 1973 vart ein lavvo, den samiske telttypen, slått opp framfor Stortinget i Oslo. Samane ville på denne måten demonstrere mot at det skulle byggjast eit vasskraftverk i Alta-vassdraget, sidan det låg midt i eit område som vart brukt av reindriftssamane. Seinare vart Folkeaksjonen mot utbygging Alta-Kautokeina-vassdraget danna. Folkeaksjonen gjorde bruk av sivil ulydnad, mellom anna gjennom ein leir i Stilla frå sommaren 1979, som politiet fleire ganger gjorde forsøk på å rydde.

Politiet og demonstranter under folkeaksjonen mot utbygging av Alta-vassdraget i 1980. Foto.
Politiet og demonstrantar under folkeaksjonen i Alta i 1980


Denne saka, som ofte vert kalla Alta-saka, vart starten på frigjeringa til samane etter freistnadene frå den norske staten på fornorsking. Ei følgje av motstanden mot denne utbygginga vart til dømes at regjeringa oppnemnde Samerettsutvalet, som skulle lage ei oversikt over kva rettar samane har. Eit resultat av dette arbeidet var at det i Grunnlova vart teke inn ein regel om at staten skal leggje forholda til rette for at samane skal kunne utvikle kulturen sin og språket og samfunnslivet sitt.

Nye rettar og samisk identitet i ei moderne verd

I 1990 vart det vedteke lovendringar som er svært viktige for samane. Då vart det bestemt at norsk og samisk skal vere likeverdige språk i samiske forvaltingsområde, og at barn i samiske distrikt har rett til opplæring i og på samisk. Sametinget er eitt av dei samiske styringsorgana som skal arbeide for at denne bestemminga vert sett ut i livet og ikkje vert berre eit papirvedtak. Sametinget vert valt av samane samstundes med val på representantar til Stortinget – altså kvart fjerde år. Sametinget kan ikkje gi lover, men har rett til å uttale seg om alle spørsmål som gjeld samane. Hovudsete for sametinget ligg i Karasjok. I 1990 vart det dessutan oppretta ein samisk høgskole i Kautokeino.

I 1986 vart det samiske flagget godkjent. Flagget er felles for alle samane, same kva land dei bur i. Den samiske nasjonaldagen er 6. februar. Då feirar samane det første samiske landsmøtet, som vart halde i Trondheim. Nasjonaldagen vart feira første gongen i 1993, samstundes som FNs internasjonale urfolksår vart offisielt opna i Karasjok.

Den samiske minoritetsbefolkninga i dag er ei samansett gruppe. Det er meir enn 40 000 samar i Noreg, og færre enn 10 prosent av dei driv med reindrift, sjølv om jakt, fangst og reindrift står sentralt i samisk kultur og tradisjon. Reindrift går dessutan føre seg over store område, noko som gjer at det kan oppstå konfliktar i det moderne Noreg. Den samiske befolkninga er spreidd over heile landet, og dei fleste bur i byar og tettstader, også utanfor Sápmi. Men dei mest konsentrerte områda med samisk busetting er i utkantstrøk nord for Saltfjellet. (Kjelde: SSB.)

Læringsressursar

Mangfald og endring

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Urfolk

  • SubjectMaterialFagstoff

    Dømet Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rasisme?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter