Hopp til innhald

  1. Home
  2. Samfunnsfag YF Vg2ChevronRight
  3. Politikk og demokratiChevronRight
  4. Politikk er påverknadChevronRight
  5. RøysterettenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Røysteretten

Kjem du til å bruke røysteretten din når du blir 18 år? Retten til å røyste er ulik i dei forskjellige vala, og han har endra seg mykje dei siste 120 åra.

valbåsar ved val. Foto.

Vi har eit . Det vil seie at vi vel representantar som styrer på vegner av oss. Annakvart år har du høve til å bruke røysteretten din. Det er stortingsval, kommune- og fylkestingsval og sametingsval kvart fjerde år.

For å røyste må du fylle 18 år i løpet av valåret og stå i manntalet. Ved stortingsval må du vere norsk statsborgar. Ved kommune- og fylkestingsval kan nordiske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av året, og som er registrert i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni samme år, stemme.

Innvandrarar frå land utanfor Norden, og som har budd i Noreg samanhengande i tre år, kan også stemme, sjølv om dei ikkje er norske statsborgarar.

Røysteretten har endra seg sidan 1814 som eit resultat av at nye grupper i befolkninga har kjempa seg fram til demokratiske rettar.

1814: avgrensa røysterett for menn over 25 år

1898: allmenn røysterett for menn

1907: avgrensa røysterett for kvinner frå borgarskapet

1910: allmenn røysterett for kvinner ved kommuneval

1913: allmenn røysterett for kvinner ved alle val

1920: røysterettsalderen sett ned til 23 år

1946: røysterettsalderen sett ned til 21 år

1967: røysterettsalderen sett ned til 20 år

1978: røysterettsalderen sett ned til 18 år

2011: Forsøksorning i 20 kommunar med stemmerett for 16-årinar ved kommune- og fylkestingsval.

Læringsressursar

Politikk er påverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?