Hopp til innhald

  1. Home
  2. Samfunnsfag YF Vg2ChevronRight
  3. Politikk og demokratiChevronRight
  4. Politikk er påverknadChevronRight
  5. OrganisasjonskanalenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Organisasjonskanalen

Kanskje er du medlem i ein eller annan organisasjon? Heile 80 % av vaksne over 16 år er det. Men du tenkjer kanskje ikkje på at som medlem kan du få store påverknadsmoglegheiter innan det området du er oppteken av?

Charlott Nordström, leder i Røde Kors Ungdom, taler ved et arrangement. Foto.

Organisasjonstypar

Vi har to hovudtypar av organisasjonar. Den eine er interesseorganisasjonar. Det er organisasjonar som tek hand om dei materielle eller økonomiske interessene til medlemmene. Dei viktigaste er arbeidstakarorganisasjonen Landsorganisasjonen i Noreg (LO) med over 900 000 medlemmer og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) som representerer bedriftene i det private næringslivet. Elevorganisasjonen er også ein interesseorganisasjon. Arbeidstakarorganisasjonane jobbar for å betre lønns- og arbeidsvilkåra for medlemmene sine ved å påverke politikarane og staten.

Den andre hovudtypen er ideelle organisasjonar, som kjempar for ideelle verdiar. Det kan til dømes vere ei særskild tru eller bestemte haldningar. Døme på slike organisasjonar er miljøvernorganisasjonar som Natur og Ungdom, humanitære organisasjonar som Redd Barna, idrettslag, musikkforeiningar og ulike religiøse foreiningar.

I tillegg har vi såkalla adhocorganisasjonar. Det er organisasjonar som er danna som følgje av at folk engasjerer seg i ei spesiell sak over eit avgrensa tidsrom.

Kanalar for påverknad

Det er mange måtar dei ulike organisasjonane kan påverke politikken på:

Gjennom formelle kanalar

Organisasjonane kan bli representerte i ulike styre, råd, utval og komitear. Her kan dei få lagt fram synspunkta sine. Dei kan også vere høyringsinstans i saker som dei offentlege styresmaktene kjem med. Det er fast praksis at departementa sender viktige saker ut til høyring før sakene blir avgjorde eller sende til Stortinget. Det vil seie at dei som saka vedkjem, eller som har spesiell kunnskap om henne, får høve til å uttale seg.

Gjennom uformelle kanalar

Organisasjonane kan ta direkte kontakt med departement og andre statsinstitusjonar. Dette gir dei tilgang til informasjon og høve til å påverke avgjerder i einskildsaker. Dei kan også påverke politikarar direkte gjennom lobbyverksemd.

Politisk innverknad

Det er stor skilnad på kor stor politisk innverknad organisasjonane har. Det er avhengig av dei samla politiske ressursane til den einskilde organisasjonen:

  • Talet på medlemmer
  • Økonomiske ressursar
  • Fagkunnskap
  • Organisasjonsapparatet
  • Kontaktnettverk
  • Kontakt med media og medieappellen til leiarane

Samstundes er organisasjonane i arbeids- og næringslivet med på å fordele gode og byrder gjennom lønnsoppgjera.

Organisasjonsfridomen er ein grunnleggjande demokratisk rett. Men organisasjonskanalen sikrar ikkje lik innverknad for alle samfunnsgrupper, fordi nokre organisasjonar er ressurssterke, og andre er ressursfattige. Kontakten med media er også blitt stadig viktigare for fleire og fleire organisasjonar.

Læringsressursar

Politikk er påverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?