Hopp til innhald

  1. Home
  2. SamfunnsfagChevronRight
  3. Politikk og demokratiChevronRight
  4. Politikk er påverknadChevronRight
  5. Kvifor skal eg ta del i demokratiet?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor skal eg ta del i demokratiet?

Den styreforma vi har i Noreg, blir kalla demokrati, eller folkestyre. Landet vårt skal styrast av innbyggjarane. Denne styringa skjer først og fremst ved at vi røystar ved val, og at vi kjem til orde gjennom den offentlege debatten.

Tellestreker på ei tavle med stemmer for ja eller nei. Foto.

Deltaking

Vi har lett for å tru på det sjølvsagde i at demokrati er den beste måten å styre eit land på. Og vi har lett for å tru at når ei demokratisk styreform er innført, er ho sikra ein gong for alle. Historia viser at dette ikkje stemmer. Demokratiet må pleiast, haldast ved like og utviklast, slik at det tilpassar seg samfunnsendringane. Til dette krevst det deltaking frå mange av innbyggjarane, helst alle.

Ytringsfridom

Å ta del i demokratiet inneber ikkje berre å røyste ved val. Like viktig er det å gi uttrykk for meiningane sine undervegs, å vere med der debatten går føre seg. Det kan du gjere gjennom både ord og handlingar.

  • Du kan ta del i den offentlege debatten med ytringar i ulike medium. Døme: Dei fleste nettavisene har fora der du kan kommentere aktuelle hendingar eller føresegner. Du kan ytre deg gjennom din eigen blogg. Du kan vere med på folkemøte. Du kan skrive lesarinnlegg i papiraviser.
  • Du kan bli med i ein organisasjon som arbeider for ei bestemt sak. Døme: Du kan melde deg inn i eit politisk parti og bli med i ungdomsorganisasjonen deira. Dei har ofte stor innverknad på «moderpartia». Du kan bli med i ein interesseorganisasjon. Bellona og Naturvernforbundet har til dømes hatt stor innverknad på miljøpolitikken her i landet. Elevorganisasjonen har innverknad på skulepolitikken.
  • Du kan bli med i pressgrupper eller aksjonar, eller til og med dra i gang noko sjølv. Skal friområdet i nabolaget ditt byggjast om til butikksenter? Burde det heller ha vore barnehage der? Finn nokre meiningsfellar og syt for at kommunepolitikarane får høyre kva de meiner.

Når du skal danne deg ei meining om ei sak, treng du sjølvsagt kunnskap om saka. Dei som skal ta stilling til noko, må ha tilgang til informasjon. Derfor er retten til fri informasjon grunnleggjande i eit demokrati. Her speler media ei avgjerande rolle. Dei har plikt til å informere deg om kva som skjer i samfunnet rundt deg – ikkje berre fortelje om katten Nusse som kom heim etter ni år, siste nytt frå Tippeligaen eller frisyren til Kim Kardashian. Skulen har plikt til å gi deg kunnskap som set deg i stand til å forstå dei nyhenda du får gjennom media. Når avisene melder om aukande CO2-utslepp, bør du vite kva dette handlar om, og kvifor det er viktig.

Å tale eiga sak – og andre si sak

Vi har allmenn røysterett i Noreg, men det vil ikkje seie at alle innbyggjarane i landet kan røyste. Barn og unge under 18 år har ikkje røysterett, heller ikkje innbyggjarar som ikkje har budd her lenge nok. Det er sjølvsagt mange argument for at desse gruppene ikkje får røyste ved val. Like fullt skal samfunnet òg ta seg av deira interesser. Det er eit ansvar som vi røysteføre må ta. Det høyrest kanskje sjølvsagt ut, men det er likevel ikkje dumt å ha i bakhovudet at vi ikkje berre kan tenkje på oss sjølve når vi skal velje kven vi skal røyste på, og kva slags politikk vi vil ha.

Eit døme som handlar om skattepolitikk

Skattepolitikk handlar om kor mykje staten og kommunane skal ha å rutte med. Høge skattar og avgifter gir pengar i felleskassa, og frå felleskassa betaler vi tenester som kjem alle til gode – også dei som har dårleg råd og lite ressursar.

Akkurat no passar det bra for deg å sleppe å betale mykje skatt. Du har kanskje ein deltidsjobb og tener ikkje meir enn det du treng for å leggje deg opp pengar til studium og ferie. Kanskje sparer du litt til bustad, du vil jo helst sleppe å bu heime heile livet. Når du skal ta stilling til kva du meiner i skattepolitikken, er dette utgangspunktet ditt. Men du må samtidig ta stilling til kva som er best for «heile befolkninga».

Kor viktig er gratis utdanning? Bør folk i større grad dekkje sine eigne helseutgifter? Kor mykje skal vi bruke på å byggje vegar? Er det ei oppgåve for det offentlege å drive sjukeheimar for eldre? Dette er område der skattepengar er heilt avgjerande for kva slags tilbod storsamfunnet kan gi. Derfor er det viktig at du tek stilling i skattepolitikken, og at du uttrykkjer meininga di på alle desse områda. Alle politiske parti har ei meining om slike spørsmål, og du vil til dømes finne forskjellar mellom «borgarlege» og «sosialistiske» parti.

Ein liten tanke til: Når du sjølv står på startstreken til vaksenlivet, har du alt fått nyte godt av fellesgode i stor stil. Du har fått gå på skule gratis, du har vore på legevakta og betalt eit par hundrelappar, trass i at det faktisk kosta fleire tusen, du har gått gratis til tannlege, du har sykla og gått på vegar som staten har bygd, og som du snart vil køyre bil på, og du har kanskje fått opplæring på eit musikkinstrument i den kommunale musikkskulen. Du føler sikkert at det no er din tur til å hjelpe til med nokre skattekroner. Så blir spørsmålet: Kor mange?

Kva kan true demokratiet i Noreg?

Demokratiet er bygd på ei tru på det gode i mennesket og har sterke røter i humanismen, som seier at kvart enkelt menneske er like mykje verdt, uavhengig av alder eller føresetnader. Det som truar dette menneskesynet, er òg ein trussel mot den demokratiske styreforma. Å snakke om at kvinner er mindre verde enn menn, eller at gamle menneske er mindre verde enn unge, er antidemokratisk. Ideologiar og religionar som plasserer folk i ulike verdikategoriar, kan vere ein trussel mot demokratiet.

Det er ikkje slik at ei demokratisk styreform er den «endelege», at når vi har nådd dit, er vi i mål. Vi ser døme på at demokratiske land avskaffar denne styreforma gjennom demokratiske val. Det har skjedd både i Algerie og Tunisia i nyare tid. Det er ein tankekross. Likevel har det skjedd. Og det kan skje igjen andre stader, også her i Norden.

Likesæle er den andre store trusselen mot demokratiet. Har vi det så godt at vi ikkje lenger har noko å kjempe for? Greier vi ikkje å kjempe for andre? Valdeltakinga blant nordmenn har gått ned dei siste tiåra, særleg ved kommunevala. Kvifor er det slik?

Læringsressursar

Politikk er påverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Offentlige debatter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Riksforsamlinga med Are Kalvø: om folkeaksjonar, del 1

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Skuledemokratiet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Organisasjonsdeltaking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff