Hopp til innhald

  1. Home
  2. SamfunnsfagChevronRight
  3. Politikk og demokratiChevronRight
  4. Politikk er påverknadChevronRight
  5. Samfunnsrolla til mediaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samfunnsrolla til media

Media har endra seg enormt med internett. I tillegg til enorme mengder informasjon frå ulike aktørar, finst bloggar, debattforum og andre typar opne nettstader der alle kan delta. Korleis påverkar det samfunnsrolla til media?

Bærbar PC oppslått på Wikipedia. Foto.

Mediene i demokratiet

For at eit demokrati skal fungere, må deltakarane ha

  • tilgang til informasjon om kva som går føre seg: Vi må til dømes få melding om hendingar som vedkjem mange menneske. Vi må ha oversikt over ulike måtar å løyse problem på. Vi må vite korleis politikarane handlar på vegner av oss, og kva for planar dei legg.

  • ein arena der vi kan diskutere oss fram til gode måtar å styre fellesskapen på. I den offentlege debatten diskuterer vi kva som er gode løysingar på dei felles problema våre, korleis dei felles pengane våre (skattepengane) skal nyttast, korleis Noreg skal handle overfor resten av verda, og kva for planar vi skal leggje for framtida. Blant anna.

Media skal dekkje desse behova som fellesskapet har. Det er media som skal gi oss informasjon, og det er her vi skal kunne halde oss oppdaterte i samfunnsdebatten – og delta når vi ønskjer det.

Ulike massemedium:

  • aviser (på nett og på papir)
  • radio
  • tv
  • tidsskrift
  • bøker
  • film
  • vekeblad


I tillegg har vi bloggar, debattforum og andre typar opne nettstader der det blir lagt ut informasjon, eller der det er debattar som alle kan delta i. På Internett finst òg meir private stader, som kanskje ikkje kan kallast ein del av mediebildet. I mange lukka forum, til dømes på Facebook, er det òg debatt og organisering av interessegrupper, så vi bør kanskje òg rekne dette som arenaer for samfunnsdebatt?

Ver Varsam-plakaten

I Noreg har vi ikkje mange lover som regulerer media. Men media har sine eigne ”spelereglar”: Ver Varsam-plakaten, Redaktørplakaten og Tekstreklameplakaten. Desse gjeld for alle typar medium. Du finn dei på presse.no.

Ver Varsam-plakaten står dei etiske normene som gjeld for media (”trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar”, som det står i innleiinga). Det første punktet på plakaten handlar om den rolla som media skal spele i det norske samfunnet, og ho blir grunngitt ut frå demokratiet:


1. Samfunnsrolla til pressa

1.1. Ytringsfridom, informasjonsfrdiom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.

1.2. Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt, og samfunnskritikk. Pressa har eit særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.

1.3. Pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkjefridommen og innsynsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene. Avtalar om eksklusiv formidling av arrangement skal ikkje vere til hinder for fri informasjonsformidling.

1.4. Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på sg til å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller samfunnsrolla si.

1.5. Pressa har til oppgåve å verne enkelmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.

Læringsressursar

Politikk er påverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Offentlige debatter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Riksforsamlinga med Are Kalvø: om folkeaksjonar, del 1

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Skuledemokratiet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Organisasjonsdeltaking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff