Hopp til innhald

  1. Home
  2. SamfunnsfagChevronRight
  3. Politikk og demokratiChevronRight
  4. Politikk er påverknadChevronRight
  5. SkuledemokratietChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Skuledemokratiet

Skulen skal "fremje demokrati" står det i Opplæringslova. Men han er ingen øvingsbane for elevane på dette feltet. Skulen er ikkje organisert som eit demokrati, men meir som ei bedrift der arbeidarane får medverke i styre og stell. Elevar, tilsette og foreldre har rett til å uttale seg om mangt og mykje gjennom ulike utval og råd, men det er skuleleiinga som avgjer i alle viktige saker.

Jente ser på telefonen med vennegjeng i bakgrunnen. Foto.

Skuleleiinga har likevel høve til å delegere ansvar, og mange rektorar gjer akkurat dette. Lærarar får kanskje ta den endelege avgjerda om ordensreglane, elevane om skulekonsertane, osb. Kanskje er skulen din ganske demokratisk når det kjem til stykket?

A. Undersøk skulen din (Gruppeoppgåve)

Finn svar på desse spørsmåla, og presenter dei for klassen i ein film eller ein presentasjon:

  • Kva seier opplæringslova om skuledemokrati?
    (Du finn opplæringslova på Lovdata.no)
  • Kva avgjer elevrådet på skulen dykkar?
    (Spør til dømes elevrådsleiaren og rektor)
  • Kva avgjer lærarane på skulen dykkar?
    (Spør ein lærar, kanskje han eller ho som er klubbleiar i fagforeininga.)
  • Korleis kan elevane øve seg på å delta i demokratiske prosessar på skulen dykkar?
  • Er det gode høve for å lære demokrati på skulen dykkar? (Grunngi.)

Lag til slutt ei liste over tiltak som kan gjere skulen dykkar meir demokratisk. (Lista kan de publisere i skuleavisa eller levere til rektor.)

B. Elevar med full styring (Gruppeoppgåve)

Forsøksgymnaset i Oslo var ein vidaregåande skule som vart lagt ned i 2004. Her var det elevane som styrte skulekvardagen. "Allmøtet" var det organet som tok alle viktige avgjerder ved skulen. Finn informasjon om Forsøksgymnaset på nettet. Lag ein presentasjon om korleis denne skulen skil seg frå dagens vidaregåande skular. Avslutt presentasjonen med ei vurdering av korleis skular kan vere "demokratiske øvingsbanar" for ungdom.

C. Ei praktisk øving

I det daglege er det læraren som har ansvar for undervisinga, men i denne øvinga tek klassen ansvaret for ein blokkdag/fordjupingsdag/temadag. Denne blir planlagt på demokratisk vis der alle får kome til orde.

plan for temadag

Slik kan de gå fram:

1. AVTALE MED LÆRER

Gjer ein avtale med ein faglærer – til dømes samfunnsfaglæraren – om at klassen får ansvar for undervisinga på ein temadag. Klassen forpliktar seg til at heile prosessen med planlegging og gjennomføring føregår på demokratisk vis.

2. FØREBU MØTE I GRUPPER

I forkant av temadagen blir det sett det av ein dobbelttime til planleggingsmøte. Til denne planlegginga stiller elevane godt førebudd. De har på førehand (i grupper) laga ulike forslag til kva de ynskjer at klassen skal lære om på fagdagen, og korleis de ynskjer at det blir gjennomført.

3. PLANLEGGINGSMØTE

Planleggingsmøtet bør finne stad minst tre veker før temadagen: Her skal klassen diskutere seg fram til eit studieopplegg for temadagen og de skal utnemne ansvarlege for førebuingar. Læraren skal vere til stades, men klassen avgjer om han/ho skal vere observatør eller ha høve til å delta aktivt på møtet. Klassen utnemner ordstyrar, som leiar diskusjonen etter vanlege møtereglar. Det blir òg utnemnt ein sekretær, som sørgjer for å skrive ned dei vedtaka som blir gjort.

Dei ulike gruppene legg fram forslaga sine og argumenterer for dei. Etter dette startar debatten om kva for forslag som er det beste. Etter debatten er det avstemming og det blir fatta eit vedtak.

MEN klassen har ansvar for å finne fram til eit opplegg som alle kan vere godt tente med – ikkje berre utan vidare velje det som har flest tilhengarar. Temadagen skal vere ei god oppleving for alle i klassen. Difor vil det vedtekne opplegget sannsynlegvis vere "sydd saman" av fleire av dei opphavlege forslaga. Debatten skal vere prega av at alle får kome til orde, og at vedtaket så sant det er mogleg, blir einstemmig.

No har klassen vedteke KVA de vil lære, og dette blir skrive ned av sekretæren og lese opp slik at alle høyrer resultatet. Så er det tid for praktiske idear om KORLEIS dette kan gjerast. I ein idedugnad får alle leggje fram ynskja sine og kva dei sjølve kan bidra med. Nokre av dykk kjenner kanskje ein som kan halde eit lite foredrag, eller dei kan halde eit sjølv? Andre veit om eit stad ein kan reise for å sjå? Kva kan læraren bidra med? Ordstyrer avsluttar idedugnaden etter ca eit kvarter. Etter dette skal det avklarast kva for opplegg klassen ynskjer å satse på og som er gjennomførbare. Kanskje må det små avstemmingar til får å få dette i boks. Undervegs blir det òg avgjort kven som skal gjere kva i forkant av temadagen. Dessutan blir det avgjort korleis alle skal førebu seg – det kan vere fagstoff som alle skal ha gått gjennom, ting ein skal ha med. (Pengar til buss? Sko til å gå langt i? osb.)

4. FØREBUING TIL TEMADAG

Alle førebur seg til temadag slik klassen har planlagt.

5. GJENNOMFØRING AV TEMADAG

Temadagen/fagdagen blir gjennomført etter den planen som er lagt.

6. EVALUERING

Sett av ein skuletime til evaluering kort tid etterpå. Læraren leiar klassediskusjon:

  • Kva vart utbyttet av temadagen/fagdagen for klassen?
  • Kva fungerte og kva fungerte ikkje? Kvifor?
  • Kva lærte klassen om det å diskutere seg fram til eit opplegg som skulle fungere for alle?
  • Korleis likna denne prosessen på ein politisk prosess?
  • Korleis kan klassen skaffe seg fleire røynsler med demokratiske prosessar?

Læringsressursar

Politikk er påverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Offentlige debatter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Riksforsamlinga med Are Kalvø: om folkeaksjonar, del 1

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Organisasjonsdeltaking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff