Hopp til innhald

  1. Home
  2. SamfunnsfagChevronRight
  3. Politikk og demokratiChevronRight
  4. Politikk er påverknadChevronRight
  5. Røysterett for 16-åringar?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Røysterett for 16-åringar?

Som tiltak for å styrkje den politiske deltakinga og engasjementet hos ungdommar blei det ved kommunevalet i 2011 gjennomført eit forsøk med å setje ned røysterettsalderen til 16 år.

ung velger med valglogo i pannen. Foto.

Forsøket blei gjennomført i 20 kommunar og blei evaluert av forskarar ved Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen. Forsøket blei vidareført ved kommunevalet i 2015.

Forsking viser at det å bruke røysteretten er ein vane. Dersom ungdommane bruker røysteretten første gongen dei har høve til det, er det meir sannsynleg at dei held fram med å gjere det.

Etter dei reglane vi har i dag, blir førstegongsveljarar, 18–21-åringane, røysteføre nettopp i den perioden då mange er i ein ustabil livsfase og gjerne flyttar heimanfrå for å arbeide eller studere. Tanken er at lågare røysterettsalder vil føre til «gode røystevanar» hos ungdommen, fordi det kan vere lettare å mobilisere dei til valdeltaking medan dei framleis bur heime og går på skule.

Den minkande valdeltakinga ved kommunevala har vore eit viktig bakteppe for denne tankegangen. Det blir òg stilt spørsmål om det å kunne røyste ved val kan føre til større interesse blant ungdom for den rolla dei har i det lokale samfunnslivet, og at dei har høve til å påverke lokale forhold.

Større valdeltaking

Forsøket med nedsett røysterettsalder blir omtalt som ein suksess av fleire forsøkskommunar og av instansar som Barneombodet og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Suksessen blei grunngitt med at heile 58 prosent av 16- og 17-åringane brukte røysteretten sin. Det er meir enn blant dei «vanlege» førstegongsveljarane.

Har 16-åringar politisk kunnskap?

Det er blitt argumentert med at 16-åringar ikkje er politisk modne nok og ikkje har nok kunnskapar til å kunne røyste ved val. Mange har uttrykt frykt for at ungdommane lettare vil la seg leie til å røyste på parti som ligg nær ytterpunkta på den politiske skalaen. I evalueringa er det er lite som støttar dette synspunktet. Forskarane finn dei same trendane hos unge som hos eldre når det gjeld kva dei røystar på.

Evalueringa stadfestar derimot at 16- og 17-åringane har noko mindre interesse for og kunnskap om politikk enn 18- og 19-åringane. Dersom erfaring og kunnskap skal reknast som viktig, gir altså evalueringa lite støtte til dei som vil setje ned røysterettsalderen. På den andre sida finst det nok av politisk kunnskapsmangel også hos eldre veljarar, og det er ingen som snakkar om å ta røysteretten frå dei på grunn av det.

Læringsressursar

Politikk er påverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Offentlige debatter

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Riksforsamlinga med Are Kalvø: om folkeaksjonar, del 1

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Skuledemokratiet

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Organisasjonsdeltaking

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff