Hopp til innhald

  1. Home
  2. Samfunnsfag YF Vg2ChevronRight
  3. Politikk og demokratiChevronRight
  4. Politikk er påverknadChevronRight
  5. Politisk innverknadChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Politisk innverknad

Det er vi som bur i landet, som skaper politikk gjennom det engasjementet vi viser. Vi har fleire kanalar for slik politisk innverknad:

Valgavlukke

Valkanalen

Dersom du har røysterett, kan du nytte valkanalen ved å røyste på visse politiske parti. Du kan også påverke andre til å røyste på bestemte politiske parti.

Organisasjonskanalen

Mange av dykk er sikkert medlemmer av ein eller annan organisasjon. Mange organisasjonar arbeider for bestemte saker. Elevorganisasjonen arbeider for eleveane sine interesser, mellom anna for fleire lærlingplassar.

Aksjonskanalen

Streik, og underskriftskampanjar er døme på aksjonar som rettar merksemda mot ei bestemt sak. Du kan òg bruke sosiale medium til å spreie meiningane dine og til å påverke andre.

Mediekanalen

Å få lokalavisa til å skrive om ei sak du er engasjert i, kan vere ein måte å påverke på. Du kan òg skrive lesarinnlegg og bruke internett.

Læringsressursar

Politikk er påverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?